Sjukepleiar/vernepleiar som trivast med å arbeide på natt!

Stilling
Sjukepleiar/vernepleiar som trivast med å arbeide på natt!
Lokasjon
Bø I Telemark
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
02. nov.
Søknadsfrist
16. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du lyst å vere ein del av eit natteam der du utfører sjukepleieroppgåver både ute i kommunen og inne på institusjon?
I natt teamet jobbar det 4 tilsette saman kvar natt. Teamet bestend av to sjukepleiarar og to helsefagarbeider. Den eine sjukepleiaren er stasjonert i Bø i lokala til omsorgsbustader knytt til sjukeheimen. Denne sjukepleiaren skal ikkje ha fast arbeidsliste på natt, men ha fokus på sjukepleieoppgåvene, som til dømes terminal pleie, antibiotika intravenøst, sjukepleieprosedyrer, akutte hendingar og liknande. To pleiarar handterer oppdraga som er ute i distriktet som ligg innunder heimetenesta og vedtak dei har. Feks medikamentshandtering, tryggleiksalarmar og liknande, og ein jobbar i heildøgnsbemanna omsorgsbustader. 

Stillingane er med arbeid tredje kvar helg.  Heimetenesta har årsturnus som gir god oversikt og fleksibel arbeidskvardag.

Ei vanleg nattevakt som sjukepleiar/vernepleiar på natt kan sjå slik ut:
Arbeidsoppgåvene er som regel både spennande og overkommeleg, men ein veit aldri kva natta kan bringa fram av oppgåver til oss. Har nokon falt? Treng nokon antibiotika intravenøst? Er det ein PVK som trengs å bytast? Skjer det ei akutt hending? Har me nokon som er i den siste fasen av livet? Kanskje det er ein pårørande som treng nokon å snakka med? Oppgåvene kan vera mange og varierte. Ingen natt er lik. 

Du må derfor bruka den faglege kompetansen din for å omprioritera og vera løysingsorientert for å utføra helsehjelpa forsvarleg. Det blir forventa at man jobbar effektivt og målretta og at man har pasientens beste som fokus. Kva er viktig for pasienten er visjon vi jobbar med.
Om du i tillegg er god på sjukepleiefaget og har stort fokus på prosedyrer, dokumentasjon, tiltak og mål så håper vi verkeleg at du søker hos oss. 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleieprosedyrar
  • Heilhetleg sjukepleie
  • Medisinhåndtering
  • Journalføring og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, er du ferdig utdanna sjukepleiar/vernepleiar i år så er du òg hjarteleg velkommen til å søkja.
  • Førarkort kl. B

Ønska kompetanse

  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Midt Telemark kommune
  • Er du interessera i velferdsteknologi og fagleg utvikling blir me endå meir nysgjerrige på akkurat deg
  • Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Du er effektiv og løysingsorientert
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogleg resulta
  • Du bidreg med godt humør og godt arbeidsmiljø, både på eiga avdeling og i heile verksemda.
  • Du har gode fagkunnskapar og tek ansvar for å utvikla eigen kompetanse, samtidig som du bidreg til læring i heile arbeidslaget på avdelinga.
  • Du samarbeider godt med kollegaer, pasientar , pårørande og andre samarbeidspartnarar.

Personleg eigenskapar tilleggast stor vekt.

Vi tilbyr

  • Funksjonstillegg for nattsjukepleiar/vernepleiar på kr 20 000,- i året, prosentjusterast etter stillingsprosent
  • Du får ein dedikert mentor som kan svare på spørsmål og gje råd
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5196953642
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026

Kontaktpersoner
Elisabeth Josefsen-Reisjå
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter