Miljøarbeider
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?
Er du ein engasjert og trygg miljøarbeidar som ønskjer ein meiningsfull jobb? Trivst du med varierte arbeidsdagar, ansvar og gode relasjonar? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
Notevarp, ei avdeling under Bu og meistring i Midt-Telemark kommune, søkjer no ein miljøarbeidar i 100 % vikariat. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der vi kvar dag arbeider for å skape gode liv, meistring og utvikling for menneska vi følgjer opp.
På Notevarp bur menneske med ulike bistandsbehov, og som miljøarbeidar vil du bidra til å skape tryggleik, føreseielege rammer og innhaldsrike kvardagar. Ingen dagar er heilt like, og du får moglegheita til å nytte både fagkompetansen din og dei personlege eigenskapane dine i møte med brukarane.
Du vil vere ein viktig støttespelar i kvardagen deira og bidra til å styrkje sjølvstende, meistring og livskvalitet. Gjennom gode relasjonar, tryggleik og fagleg oppfølging er du med på å leggje til rette for at kvar enkelt kan leve eit mest mogleg sjølvstendig og meiningsfullt liv. Hos oss står brukarmedverknad, respekt og individuelle behov i sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
- Følge dagsplaner til brukere
- Delta aktiv i teamet rundt bruker og ellers i miljøet
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B1 nivå)
- Helsefagarbeider
- Barn og ungdomsarbeider
- Andre med relevant utdanning - og eller erfaring kan vurderes.
- Du bør ha kompetanse knyta til HOL kap.9 vedtak.
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, omsorgsfull og oppteken av å skapa gode relasjonar.
- Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Du handterer uventa situasjonar på ein trygg og roleg måte.
- Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
- Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeida i team.
- Du er oppteken av brukarmedverknad, meistring og livskvalitet.
Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Luul Elmi, Avdelingsleiar, +47 48232548Arbeidsstad
Skrivarvegen 13810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5164255529
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.10.2026