Fast 100% sjukepleiar
Er du sjukepleiar og ønskjer å tenkje nytt? Då ønskjer vi deg med på laget!
I heimetenesta arbeider du både ute i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som arbeider målretta med «kva er viktig for deg» som pasient, innan fagområde som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet følgjer opp pasientar som i periodar treng tettare oppfølging for å kunne meistre kvardagen mest mogleg sjølve.
Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner. Hos oss får du eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med stor takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen.
Vi deltek aktivt i prosjekt som skal utvikle og styrkje tenestene våre, og vi ønskjer medarbeidarar som kjem med forslag til nye løysingar og som tør å prøve noko nytt.
Avdelinga har årsturnus, der du i stor grad kan vere med på å påverke din eigen turnus.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiarprosedyrar
- Helsetenester og oppfylging av pasientar
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Førerkort klasse B
Ønska kompetanse
- Erfaring frå helseteneste
- God kjennskap til bruk av data som verktøy jf. dokumentasjonsplikt
- Erfaring og praktiske ferdigheter med sjukepleiarprosedyrar.
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Interesse for å utføre sjukepleiarprosedyrar
- Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er strukturerte og løysningsorientera
- Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar
- Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Du får ein dedikert mentor som kan svare på spørsmål og gje råd
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302Arbeidsstad
Gamleveg 463802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5196950771
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026