Sjukepleiar? Nyutdanna eller med lang erfaring? Kom og jobb hos oss i sommar!
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027.
Vi har behov for:
- Sjukepleiarar
- Sjukepleiarar med kompetanse frå overvaking, observasjonspost, intensiv o.l.
Sengeposten er ein spennande heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du møte mange ulike indremedisinske problemstillingar og opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø.
Vi går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Opplæring kan med fordel starte tidlegare.
Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide, og kva stillingsprosent du ønskjer.
Arbeidsoppgåver sengepost:
- Ta imot pasientar som kjem til avdelinga
- Observasjonar og målingar av vitale parameter
- Gruppeleiing og medikamenthandtering
- Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal DIPS/Meona
- Kontakt med kommunane via PLO-meldingar
- Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- Ønskje om erfaring med DIPS/MEONA, men opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
- Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du likar å arbeide i spennande og til tider krevjande situasjonar
- Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og engasjert
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5201209195
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027