Mekanikar Førde Bli med i vårt fagmiljø

Stilling
Mekanikar
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
28. nov.
Få påminnelse
8 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Maskinsenteret Vestland AS er ein av dei leiande maskin og utstyrsforhandlarane på Vestlandet, med avdelingar i Kaupanger og Moskog.

Vi er autorisert forhandlar av Valtra traktorar og representerer ei rekkje kjende merkevarer innan landbruksreiskap, skogsmaskiner og teknisk utstyr. Vi tilbyr eit breitt produktspekter frå fleire leiande leverandørar, og byggjer samtidig opp eit eige segment for Ponsse skogsmaskinar..

Med om lag 20 tilsette er vi eit fagleg sterkt team der kunnskap, serviceinnstilling og nærleik til kunden står sentralt i alt vi gjer.

Om stillinga

Vi søkjer ein dyktig og engasjert mekanikar til verkstaden vår i Førde. Hos oss får du arbeide med traktor, reiskap og Ponsse skogsmaskinar. Arbeidet vil vere variert og føregå både inne på verkstaden og ute i felt hos kundane våre. Du blir ein viktig del av eit fagleg sterkt miljø som jobbar for å gi kundane rask og god service.

Arbeidsoppgåver
  • Service, vedlikehald og reparasjon av traktorar, reiskap og Ponsse skogsmaskinar

  • Feilsøking og utbetring av mekaniske, hydrauliske og elektriske feil

  • Arbeid både på verkstaden og ute hos kundar i felt

  • Klargjering og kontroll av maskiner og utstyr

  • Dokumentasjon av utført arbeid og oppfølging av verkstadoppdrag

  • Bidra til god orden, tryggleik og effektiv drift på verkstaden

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev innan mekaniske fag, til dømes landbruksmekanikk, anleggsmaskinmekanikk eller skogsmaskinmekanikk

  • Relevant erfaring med traktor, reiskap eller skogsmaskiner er ein fordel

  • Teknisk interesse og evne til å arbeide med feilsøking

  • Førarkort klasse B

  • Førarkort for aktuelle maskiner og utstyr er ein fordel

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, strukturert og nøyaktig

  • Løysingsorientert og praktisk anlagt

  • Serviceinnstilt og imøtekommande overfor kundar og kollegaer

  • Initiativrik og positiv, med vilje til å lære

  • Trivst med ein variert arbeidskvardag både på verkstad og ute i felt

Vi tilbyr
  • 100 % fast stilling ved avdelinga vår i Førde

  • Ein variert arbeidskvardag med traktor, reiskap og Ponsse skogsmaskinar

  • Tett samarbeid med dyktige kollegaer i eit godt fagmiljø

  • Opplæring og moglegheit for fagleg utvikling

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad og kontakt

Send søknad og CV til post@maskinsenteretvestland.no, eller ring oss for ein uformell prat.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter