KYRKJELYDSPEDAGOG / KYRKJELYDSARBEIDAR i Masfjorden
Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du får skape gode møte mellom kyrkja og barn, unge og familiar – og formidle kristen tru på ein trygg, kreativ og inkluderande måte? Då kan stillinga som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar vere noko for deg!
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du som søkjer må
-
ha vilje og evne til samarbeid og formidling
-
kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
-
ha evne til å arbeide med ulike aldersgrupper, og særskilt barn og unge
-
være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
-
beherske data som arbeidsverktøy
-
ha førarkort og disponere bil
-
vere medlem av Den norske kyrkja
-
ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.
-
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
-
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.
Arbeidsoppgaver
Til denne stillinga (50%) ligg for tida fylgjande oppgåver:
-
Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, samarbeid med skulane/barnehagane, Tårnagenthelg og Lys Våken.
-
Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
-
Det kan også verta aktuelt med kyrkjelydstilbod for andre aldersgrupper.
-
Konfirmantarbeid (20%) saman med prest og evt. andre tilsette/frivillige
Ein ynskjer at kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.
Skriv i søknaden om du søkjer på heile eller delar av stillinga
Vi tilbyr
-
Ei interessant og spanande stilling
-
Løn på bakgrunn av utdanning og erfaring, etter KA sine satsar
-
Medlemskap i KLP