Bli vår nye Teknisk Sjef

Stilling
Teknisk Sjef
Lokasjon
Ulsteinvik
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Mare Safety er ein leiande aktør innan utvikling og bygging av spesialbåtar til mellom anna offshore, havbruk, redningstjeneste og offentlig sektor.

Frå våre lokale i Ulsteinvik designar, utviklar og bygger vi spesialtilpassa båtløysingar til kundar over heile verda.

For å styrke organisasjonen vår søkjer vi no ein strukturert og løysingsorientert Teknisk sjef som vil få ei sentral rolle i utviklinga av nye prosjekt, frå dei første ideane og skissene på teiknebrettet til ferdig levert båt.

Du vil bli involvert heilt frå konseptutvikling og designfase, og følgje prosjekta vidare gjennom konstruksjon, produksjon og levering.

Stillinga vil vere ei sentral teknisk støtte for salsavdelinga gjennom utarbeiding av tekniske spesifikasjonar, løysingsbeskrivingar, kalkylar og anna prosjektunderlag - frå idéfase til kontraktsinngåing.

Dette er ei nøkkelrolle for deg som trivst med ansvar, har god teknisk forståing og evne til å koordinere fleire prosjektløp samtidig

Ønskte kvalifikasjonar:
  • Relevant erfaring

  • God teknisk forståing og evna til å formidle dette skriftleg

  • Strukturert og systematisk arbeidsform

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

  • Erfaring med CAD vil vere ein fordel

Vi tilbyr:
  • Eit særs godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Ei sentral rolle i eit selskap i vekst

  • 100 % stilling med gode vilkår

  • Ein variert og utfordrande arbeidskvardag med stor moglegheit til å påverke eigne arbeidsoppgåver og bidra til vidare utvikling av selskapet

Spørsmål om stillinga kan rettast til Torstein Teigene (975 32 956) Søknad sendes til torstein@mare.no

Alle førespurnader vert handsama fortruleg.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter