Områdevikar barnehage
Stilling
Områdevikar barnehage
Lokasjon
Gaupne
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere ein viktig vaksen i kvardagen til barn?
Me har stort behov for fleire dyktige medarbeidarar i barnehagane våre. Som områdevikar får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til tryggleik, omsorg og gode opplevingar for barn i fleire av kommunen sine barnehagar.
Dette er ein spennande jobb for deg som trivst saman med barn, er fleksibel og ønskjer å gjere ein forskjell der behovet er størst.
Stillingsinformasjon
Som områdevikar blir du ein del av fellesskapet i fleire av kommunen sine barnehagar. Du får ikkje fast oppmøtestad, men arbeider i den barnehagen der behovet til ei kvar tid er størst.
- Inntil 100 % fast stilling som områdevikar i barnehagane
- Arbeidstid på dagtid
- For inneverande barnehageår er oppmøtestad Skjolden
- Køyring til annan barnehage enn oppmøtestad blir godtgjort etter gjeldande reglar
- Du må kunne disponere eigen bil
Kvalifikasjonar
- Arbeidserfaring frå barnehage er ønskjeleg, men ikkje krav
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar tel positivt, men er ikkje eit krav
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kven ser me etter?
Du er ein person som:
- er ein trygg og ansvarsbevisst vaksen
- likar å vere saman med barn og bidra til leik, utvikling og læring
- byggjer gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer
- er fleksibel og trivst med varierte arbeidsdagar
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre arbeidsvilkår
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale, med utgangspunkt i gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- Me gjer merksam på at i offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentlegjort om sjølv om du har oppmoda om ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før sølkjarlista vert offentleg gjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Knut Åge Teigen
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.