Vil du jobbe der pasienten alltid står i sentrum? Vi søker sjukepleiar

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bli ein del av eit fagmiljø i utvikling – og flytte inn i heilt nye sjukehuslokale?

Ønskjer du ein spennande sjukepleiarkvardag med varierte arbeidsoppgåver, høg fagleg kvalitet og gode moglegheiter for utvikling? Då kan Lungeseksjonen vere staden for deg!

Lungeseksjonen er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og består av ein sengepost med 13 senger samt ein poliklinikk med høg aktivitet. Hos oss møter du pasientar med eit breitt spekter av akutte og kroniske lungesjukdomar, mellom anna KOLS, lungefibrose, astma og respirasjonssvikt. Du blir ein viktig del av eit engasjert tverrfagleg team som kvar dag arbeider for å gi pasientane trygg og heilskapleg behandling.

Vi står framfor ei spennande framtid. Til våren flyttar vi inn i heilt nye sjukehuslokale, der Lungeseksjonen blir samlokalisert tett på både intermediærovervakinga og hjarteposten.

Vi samarbeider tett med medisinsk intermediærovervaking (MIO) og følgjer opp pasientar med komplekse og samansette behov. Dette gir deg moglegheit til å utvikle høg kompetanse innan observasjon, behandling og sjukepleie til ei pasientgruppe i stadig utvikling.

Vi har no ledige stillingar som sjukepleiar i tredelt turnus. Det kan òg vere aktuelt med vikariat eller redusert stillingsprosent dersom dette er ønskjeleg.

Vil du vere med på reisa inn i nye lokale og bidra til å forme framtidas lungemedisinske tilbod?
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg og ta imot søknaden din!


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, pleie og behandling av pasientar 
  • Oppfølging av pårørande
  • Iverksetting av sjukepleiertiltak 
  • Samhandling med kommunen 
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Deltaking i utviklings- og forbetringstiltak  

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant erfaring med lungepasientar
  • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • Har evne til å motivere og engasjere.
  • Har kjennskap til eller interesse for å lære meir om, hjartepasientar, lungesjukdomar og akutt kritisk sjuke.
  • Er profesjonell og empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegar, og samarbeider godt med dei.
  • Held deg roleg og objektiv i stressande eller krevjande situasjonar
  • Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp.
  • Ser etter løysingar.

Personlege eigenskapar blir vektlagde

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit tilpassa opplæringsprogram slik at du skal føle deg trygg og ivareteken
  • Fagleg utvikling, til dømes støtte til relevant utdanningar (lunge-, kreft-, palliasjons- og intensivsjukepleie)
  • Kombinere arbeid på sengeposten med poliklinisk arbeid. Dette føreset kompetanse og ønske om kombinasjonsstilling.
  • Med riktig kompetanse og erfaring kan du få anledning til å kombinere arbeidet mellom sengepost og medisinsk intermediær overvaking (MIO).  
  • Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir rom for involvering.

Dersom du ønskjer å gjere fortrinnsrett gjeldande, må du opplyse om dette i søknaden.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Ranveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleiar, +4798879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5198913019
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter