Vi søker to juristar til Stiftelsestilsynet

Stilling
Jurist rådgivar/seniorrådgivar
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
27. okt.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du lyst til å bruke jussen til å bidra til at norske stiftelsar gjennomfører formåla sine? Her får du jobbe med landets fremste ekspertar på stiftelsesrett og får ei sentral rolle i tilsynsarbeidet vårt. No ser vi etter to juristar til Stiftelsestilsynet – til ei fast stilling og eit vikariat.

Kven er vi? 

Norske stiftelsar forvaltar store verdiar og er sentrale bidragsytarar i samfunnet innan alt frå næringsliv, forsking, helse og utdanning til kultur og sosial inkludering. 

Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med stiftelsane for å sikre at dei driv i samsvar med formålet og lova. Vi fører kontroll gjennom behandling av søknadar, rettleiing til styra og tilsyn med enkeltstiftelsar, og vi har ansvar for å føre Stiftelsesregisteret. Vi legg også vekt på å jobbe førebyggande og møter mange stiftelsar når vi held føredrag om regelverket. 

Sakene vi behandlar reiser spennande rettsspørsmål innanfor stiftelsesrett, selskapsrett og forvaltningsrett. I tillegg har vi oppgåver innanfor dekningslova, arvelova og samvirkelova. 

Du får utfordrande arbeidsoppgåver og vil jobbe saman med dyktige kollegaar innanfor juss, økonomi og samfunnsvitskap. Vi er flest juristar, og du får jobbe tett blant anna med revisorar.


Arbeidsoppgåver

Kva skal du jobbe med? 

Vi har to ledige juriststillingar, og oppgåvene vil vere knytte til ulike delar av avdelinga vår.   

Den faste stillinga vil vere knytt til tilsyn med stiftelsar. Her fører vi tilsyn med om stiftelsar blir drivne på ein lovleg måte i samsvar med vedtektene og lova. Du vil mellom anna behandle tips frå privatpersonar, revisorar, media eller andre og vurdere om det er grunnlag for å opne tilsyn eller nytte andre verkemiddel overfor stiftelsen. Du vil også få ei rolle i arbeidet med å utvikle regelverket og vår praksis, og i å formidle kunnskap om dette til styremedlemmar, administrasjonar, revisorar og rådgivarar for stiftelsar. 

Den som blir tilsett i vikariatet vil hovudsakleg jobbe med å behandle søknadar frå stiftelsar. Det er stor variasjon i typar søknadar og kompleksitet. Vi behandlar mellom anna søknadar om nyregistrering, endring av vedtekter, samanslåing (fusjon) og oppheving av stiftelsar. Du vil i tillegg rettleie stiftelsar om regelverket – både skriftleg, på telefon og i møter. Du får vere med på å utvikle fagområdet saman med kollegaane dine. Vi tilpassar oppgåver og ansvar etter erfaringa di. 

Kven ser vi etter? 

Vi ser for oss å tilsette ein seniorrådgivar i fast stilling og ein rådgivar i vikariat. 

For å søke på stillingane må du ha master i rettsvitskap. Vi ser etter deg som jobbar strukturert, sjølvstendig og godt saman med andre. 

For den faste stillinga er det ein fordel dersom du:

  • har erfaring innan tilsyn eller offentleg forvaltning
  • har erfaring frå stiftelses- og/eller selskapsrett eller forretningsjuss

Vikariatet kan passe for deg som er nyutdanna, men er det ein fordel dersom du har erfaring frå offentleg forvaltning eller saksbehandling. 

Kvifor velje oss? 

Høyrest det givande ut å jobbe med det viktige samfunnsoppdraget vårt? Då trur vi du vil trivast hos oss. Her får du jobbe tverrfagleg med dyktige folk rundt deg, og du får gode moglegheiter til å planlegge din eigen arbeidsdag.

Hos oss får du rammer som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Vi har fleksitid og betalt overtid, sommartid og moglegheit til å trene i arbeidstida i inntil to timar i veka.

Kontoret vårt ligg midt i Førde sentrum. Her har vi kantineordning, parkeringskjellar, treningsrom i bygget og gruppetimar for dei tilsette på treningssenter. 

Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og å møtast på kontoret. Det legg vi sjølvsagt til rette for.

På kontoret køyrer vi gjerne quiz i kaffibaren, så her kan du teste allmennkunnskapen. Dessutan slår velferdskomiteen gjerne til med aktivitetar etter jobb – alt frå felles fjelltur til bowling.

Verd å merke seg

Du blir tilsett som rådgivar/seniorrådgivar, med ei årslønn som rådgivar med spenn frå kr 530 000 til kr 800 000 og seniorrådgivar med spenn frå kr 650 000 til 950 000 avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månadane er prøvetid.

Som tilsett får du medlemskap i Statens pensjonskasse. Det blir trekt 2 prosent av lønna di til innskot i Statens pensjonskasse. Som medlem her får du ei av Noregs beste pensjonsordningar og moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no.

Vi meiner at mangfald er viktig for å bygge eit godt og utviklande arbeidsmiljø. Vi ønsker tilsette med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Det bidreg til at vi løyser oppgåvene våre endå betre. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det.

Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søker på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngje kvifor du ønsker det, og så vil vi vurdere om vi kan innvilge ønsket. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp saman med søknaden.

Kontaktinformasjon

Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør Stiftelsestilsynet, + 47 90074974, siw.heggedal.longvastol@lottstift.no
Merete Tollefsen, seniorrådgivar jurist , +47 95887644, merete.tollefsen@lottstift.no

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet

Referansenr.: 5191168909
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 27.10.2026

Kontaktpersoner
Merete Tollefsen
seniorrådgivar jurist
Siw Heggedal Longvastøl
avdelingsdirektør Stiftelsestilsynet
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter