On-site teknikar
Seksjon Lokalstøtte nord har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Førde og Helse Bergen. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna.
Saman med Seksjon Lokalstøtte sør utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen.
Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte nord med arbeidsstad i Førde.
Arbeidsoppgåver
- Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m. Ansvarsområdet vil etter kvart også omfatte mobiltelefonar.
- Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- På staden kundeoppfølging.
- Varelogistikk.
- Deltaking i prosjekt.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr.
- Kunnskap og erfaring med feilsøking på Windows-operativsystem.
- Erfaring med kundebehandling.
- Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Fagbrev innan IT-driftsfaget, dataelektronikerfaget eller anna relevant IKT-fag er ønskjeleg. Relevant og dokumentert erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa.
- jobbar godt i team, men også sjølvstendig.
- er positiv og initiativrik.
- er open og svolten på ny kunnskap og teknologi.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Landro Tøsdal, Seksjonsleiar (Konstituert), 41501327Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 5189376919
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026