HR-sjef

Stilling
HR-sjef
Lokasjon
Oslo
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
-
Få påminnelse
-
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

HR-sjef ved Det Norske Teatret

Det Norske Teatret etablerer no ei eiga HR-avdeling, og søkjer ein HR-sjef som vil vere med og forme framtidas teaterorganisasjon.

 

Vi vil vere eit internasjonalt teater i toppklasse, og vi vil ta ei leiande rolle i å endre måten teater blir laga på: kven som lagar det, kven det er for, og korleis det blir definert.

For å lukkast må vi vere ein arbeidsplass der ulike stemmer, perspektiv og erfaringar får rom til å utvikle seg. Som HR-sjef får du ei nøkkelrolle i å vidareutvikle organisasjonen vår og sikre at menneska i huset har dei beste føresetnadene for å skape teater av høgste kvalitet.

 

Om stillinga

 

Som HR-sjef får du eigarskap til HR-området på strategisk nivå. Du skal utvikle og sikre gode rammer og prioriteringar for mellom anna rekruttering, arbeidsmiljø, kompetanse, partssamarbeid og organisasjonsutvikling.

 

Det Norske Teatret har om lag 240 fast tilsette, og i tillegg er kring 200 gjestande kunstnarar og medarbeidarar innom huset kvart år. Vi er ein samansett organisasjon med sterke fagmiljø, tariffbunden drift og eit kunstnarleg tempo som stiller høge krav til god personalleiing.

 

Eit viktig oppdrag er å omsetje ambisjonane våre om fleirstemmigheit og mangfald til god personalpolitikk og gode arbeidsprosessar. Du skal vere ei drivkraft for at måla våre blir følgde opp i heile organisasjonen, og bidra til eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø der ulike medarbeidarar kan utvikle seg og lukkast.

 

Du rapporterer til direktøren, inngår i leiargruppa og har personalansvar for éin medarbeidar. Med ei lita avdeling er det ei forventing om at du også er operativ og tek del i den daglege drifta.

 

Ei viktig oppgåve blir å støtte teatersjefen i personaloppfølginga av den kunstnarlege sida av huset, der mange medarbeidarar rapporterer direkte til teatersjefen. Som HR-sjef får du eit særleg ansvar for ensemblet og den kunstnarlege sida av verksemda, medan HR-rådgjevaren har hovudansvaret for tekniske og administrative avdelingar.

 

Rolla handlar om å byggje bru mellom kunstnarleg ambisjon og arbeidsgjevaransvar. Eit teater som ønskjer å gi plass til nye stemmer på scenen, må òg vere ein arbeidsplass der folk med ulik bakgrunn, ulike perspektiv og ulike føresetnader kan gjere godt arbeid over tid.

 

 

Vi ser etter deg som har

  • Relevant høgare utdanning. Brei og dokumentert erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring med strategisk og operativt HR-arbeid i større eller samansette organisasjonar
  • Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsprosessar og kulturbygging, og kan vise til resultat frå dette arbeidet.
  • Solid arbeidsrettsleg kompetanse og erfaring med personalsaker, varsling og konflikthandtering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Arbeidsspråket på Det Norske Teatret er nynorsk.

 

Personlege eigenskapar

 

Vi trur du vil lukkast i rolla dersom du:

  • er trygg , tydeleg og skaper tillit
  • samarbeider godt og evner å balansere ulike interesser og perspektiv
  • er lyttande, relasjonssterk og god til å handtere krevjande situasjonar
  • kombinerer strategisk forståing med gjennomføringsevne
  • er nysgjerrig på og har respekt for ulike fagmiljø og arbeidsformer

 

Mangfald i praksis

 

Fleirstemmigheit og mangfald er ein sentral del av strategien til teateret og av kulturen vår som arbeidsplass – vi er forplikta til å vere ein organisasjon for alle.

 

For HR-sjefen vil difor arbeidet med mangfald, inkludering og tilhøyrsle vere ein viktig del av oppdraget, og dette er noko vi kjem til å snakke grundig om i intervjuet.

 

Vi oppmodar særleg deg som kan utvide perspektiva våre gjennom din eigen bakgrunn, dine erfaringar eller din veg inn i arbeidslivet, til å søkje.

 

 

Vi tilbyr

  • Ei spennande leiarstilling med reell påverknad, i leiargruppa til ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i landet. 
  • Moglegheita til å byggje opp og vidareutvikle HR-funksjonen ved Det Norske Teatret. 
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.

    Eit arbeidsmiljø med høg kompetanse, sterk fagleg identitet og eit levande kunstnarleg miljø.

     

Arbeidsstad er sentralt i Oslo.

Kontaktpersoner
Oda Sivertsen Stavrum
Rådgiver Research og Analyse
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter