Senior HR-Rådgjevar
Stilling
Senior HR-Rådgjevar
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du bidra til å vidareutvikle HR-faget i Leirvik?
Vi søkjer ein erfaren og engasjert Senior HR-rådgjevar som vil vere ei sentral støtte for leiarar og tilsette i verksemda. Rolla har eit særskilt ansvar for rådgjeving innan arbeidsrett, tariffavtalar, arbeidstidsordningar, bemanning og omstillingsprosessar, og vil bidra til å sikre ein profesjonell og einskapleg HR-praksis på tvers av organisasjonen.
Arbeidsoppgaver
- Rådgjeving og støtte til leiarar innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning
- Ansvar for, og vidareutvikling av prosessar knytte til tariffavtalar, arbeidstidsordningar, overtid og rotasjonsordningar
- Bistå i bemanningsplanlegging og rekruttering
- Ansvar for innleige og rammeavtalar
- Bistå ved omstillingar, permitteringar og nedbemanningsprosessar
- Samarbeid, drøftingar og forhandlingar med tillitsvalde og fagforeiningar
- Oppfølging av sjukefråvær og IA-arbeid i samarbeid med leiarar
- Koordinering og oppfølging av kompetanseutvikling og opplæringstiltak
- Bidra til utvikling og standardisering av HR-system, rutinar og prosessar
- Samarbeide tett med HR-teamet for å sikre einskapleg HR-praksis i organisasjonen
Kvalifikasjoner
- Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Solid erfaring frå operativt og strategisk HR-arbeid, gjerne frå industriell eller operativ verksemd
- God kunnskap om arbeidsmiljølova, tariffavtalar og kollektiv arbeidsrett
- Erfaring med arbeidstidsordningar, bemanning og arbeidsrettslege problemstillingar
- Erfaring med forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde og fagforeiningar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlige egenskaper
- Er ein tydeleg og tillitsskapande rådgjevar
- Arbeider strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
- Har høg integritet og god rolleforståing
- Er sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i utviklinga av HR-arbeidet i Leirvik
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Kontaktinformasjon
Janne Ertresvåg, SVP HR & HSEQ, +47 40 21 80 11, Janne.ertresvag@leirvik.comArbeidssted
Storhaugvegen 1305416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Leirvik ASReferansenr.: 5189115162
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2026
Kontaktpersoner
Janne Ertresvåg
SVP HR & HSEQ
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.