100 % fast stilling som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Har du lyst til å vera rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal?
Nav Aurland og Lærdal har ledig 100 % fast stilling som rettleiar frå 1. desember 2026.
Lærdal kommune er vertskommune for Nav-kontora i Lærdal og Aurland, og du vert formelt tilsett i Lærdal kommune. Arbeidsstad er ved Nav Aurland og Lærdal, og du må rekne med å vere til stade i begge kontora.
Nav Aurland og Lærdal har totalt 8 tilsette, inkludert flyktningtenesta og to statlege stillingar. Me er ein god miks av ulik fagkompetanse, fagområde, kjønn og perspektiv. Dette gjev oss eit spennande, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø der me spelar kvarandre gode.
Nav er i kontinuerleg utvikling både fagleg og organisatorisk. I løpet av 2027 er det planlagt etablering av eit regionalt vertskommunesamarbeid mellom Nav-kontora i Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Luster. Som tilsett ved Nav Aurland og Lærdal kan du difor verte ein del av ei spennande utviklingsreise og bli omfatta av verksemdsoverdraging i tilsetjingsperioden.
Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar
- Minimum bachelorutdanning frå universitet eller høgskule.
- Sosialfagleg utdanning er ynskjeleg, men anna relevant utdanning som pedagogikk, helsefag eller tilsvarande vil bli vurdert.
- Erfaring innan offentleg forvaltning er ynskjeleg, og særleg positivt om erfaringa er knytt til Nav eller anna sosialfagleg arbeid.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Gode IKT kunnskapar – kan handtere ulike digitale fagsystem etter opplæring.
- Førarkort klasse B.
- Du er initiativrik, sjølvstendig og har evne til å byggje gode relasjonar med brukarar og samarbeidspartnarar.
- Du er strukturert og målretta.
- Du er robust og handterer krevjande situasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og rettleiing av personar som treng bistand for å kome i arbeid, aktivitet eller utdanning.
- Sakshandsaming etter lov om sosialtenester i Nav og andre relevante lover og forskifter.
- Sakshandsaming av Husbankordningar, som bustøtte og startlån.
- Kartlegging, motivasjonsarbeid og individuell oppfølging.
- Samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar.
- Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov.
Dagtidsarbeid, 37,5 t per veke
Me tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og avtale - med utgangspunkt i KS sin garantilønstabell kap. 4.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Fleksibel arbeidstid utanom kjernetida.
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
- Eit aktivt, støttande og engasjert arbeidsmiljø med brei fagkompetanse.
- Statlege velferdsordningar for dei kommunale tilsette i Nav.
Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse,
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum, og
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her