Bioingeniør

Stilling
Bioingeniør
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. okt.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du ha ein variert jobb der du både møter pasientar og arbeider med analysar som er viktige for behandlinga deira?

Vi er på jakt etter ein bioingeniør som ynskjer ein spennande og variert arbeidsdag. Du får jobbe i eit sterkt fagmiljø der du blir sett, utfordra og får utvikle deg.

Stillinga inngår i tredelt turnus, og du blir ein del av eit team som jobbar for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre. Vi er stolte over det gode arbeidsmiljøet og vi tek godt imot nye kollegaer. God og grundig opplæring vil bli gitt.

Det vil vere god moglegheit for fast stilling.

Hos oss får du:

✔ Variasjon - ingen dagar er like! Du får oppgåver innan fleire laboratoriefagområde.

✔ Sterkt fagmiljø - erfarne, dyktige kollegaer som gir deg ei trygg og god opplæring.

✔ Utviklingsmoglegheiter - du får ansvar, kompetansebygging og rom til å lære.

✔ Godt arbeidsmiljø - vi heier på kvarandre og har fokus på samarbeid og trivsel.

✔ Meiningsfull jobb - resultata dine betyr noko for pasientar kvar einaste dag.


Kva går jobben ut på?

  • Prøvetaking og pasientkontakt i poliklinikk og sengepostar.
  • Analysearbeid innan klinisk kjemi, hematologi, koagulasjon og immunologi.
  • Arbeid i blodbank, inkludert forlik og transfusjonsrelaterte oppgåver.
  • Vaktteneste i tredelt turnus.
  • Bruk og vedlikehald av laboratorieinstrument.
  • Bidra til kvalitetsarbeid og utvikling av interne rutinar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør.
  • Erfaring frå medisinsk laboratorium er ein fordel, men nyutdanna er òg velkomne til å søkje.
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne jobbe i tredelt turnus.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er nøyaktig, ansvarsbevisst og kvalitetsorientert
  • trivst med varierte oppgåver og kan arbeide sjølvstendig
  • samarbeider godt med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

Kvifor skal du velje oss?

  • Varierte oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Du får grundig opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.
  • Du blir del av eit inkluderande fagmiljø med varierte oppgåver og moglegheiter for fagleg utvikling.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Pedersen, Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord, +47 45661893, ragnhild.pedersen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5187663475
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 20.10.2026

Kontaktpersoner
Ragnhild Pedersen
Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter