Vu søkjke danselæ,4% ar ved Kviteseid kulturskule i 19,4% stilling
Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans!
Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk.
Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år. Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
- planleggje, gjennomføre og evaluere danseundervisning for barn og ungdom
- skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
- tilpasseundervisninga til ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå
- arbeide med koreografi og førebuing til framsyningar
- inspirere elevane til skaparglede, sjølvutfalding og meistring gjennom dans
- følgje opp elevane si faglege og personlege utvikling
I tillegg til sjølve undervisninga omfattar stillinga førebuingstid, personalmøte, oppfølging av elevar og elevlister, kontakt med føresette, samt deltaking og arrangementsansvar ved framsyningar og andre arrangement.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan dans eller relevant realkompetanse
- Pedagogisk utdanning eller annan relevant realkompetanse
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- har engasjement for og interesse av å undervise i dans på alle nivå i eit trygt og motiverande læringsmiljø
- er påliteleg og har evne til å planleggje og informere i god tid
- har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement
- ønskjer å bidra positivt i kulturskulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- har evne og vilje til å bruke digitale verktøy i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- har undervisningserfaring og gjerne kan vise til referansar
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Samarbeid med trivelege og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg praksisfellesskap
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Martin Krause, Rejtor, 908 05 510, martin.krause.kviteseid.kommune.noArbeidsstad
Knut Taraldsens veg 83850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5201837521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026