Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling

Stilling
Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling
Lokasjon
Kviteseid
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ved fellestenestene har vi ledig spennande stilling

Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling


Stillinga ligg rett under økonomisjef/assisterande kommunedirektør og du blir ein del av eit godt team.


Arbeidsoppgåver

· Fagansvarleg for kommunerekneskapen og underliggande verksemder
· Utarbeiding av årsrekneskap
· Kostra-rapportering
· Internkontroll og kvalitetssikring
· Rådgjeving og rapportering til budsjettansvarlege
· Bokføring og avstemming
· Andre rekneskapsrelaterte oppgåver

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer at du har:
• Økonomisk utdanning på minimum bachelornivå, relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
• Regnskapserfaring frå A til Å, gjerne frå kommunal verksemd
• God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet, særleg frå offentleg forvaltning
• God IT- og systemforståing

Personlege eigenskapar

Kva type personlege eigenskapar vil me ha med på laget vårt?

Me ser etter deg som er sjølvstendig og uredd. Me ser etter deg som er god på menneskelege relasjonar. Me ser etter deg som likar faglege utfordringar og som klarar å leite deg fram til svar på eigenhand. Me ser etter deg som forstår viktigheita av tidsfristar og som har høg arbeidskapasitet. Me ser etter deg som har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Me ser etter deg som har eit raust menneskesyn og som bidrar sosialt på arbeidsplassen.

 

Vi tilbyr

• Ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust
• Ein jobb med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
• Konkurransedyktig løn
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

 

Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad

Kommunen brukar nynorsk som språk.

Du må kunne visa fram ny politiattest før tilsetjing.

Kan dette vere noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt.

Kontaktinformasjon

Snorre Halvor Djupedal, HR leiar, +47 481 78 566

Arbeidsstad

Kviteseidgata 13
3850 KVITESEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5194151777
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026

Kontaktpersoner
Snorre Halvor Djupedal
HR leiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter