Fagarbeidar/assistent – 100 % fast ved Kviteseid skule
Stilling
Fagarbeidar/assistent – 100 % fast ved Kviteseid skule
Lokasjon
Kviteseid
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre?
Ved Kviteseid skule har vi ledig 100 % fast som fagarbeidar/assistent frå 01.02.2027
Vi søkjer etter ein varm, tydeleg og relasjonssterk vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane våre.
Stillinga vil innebere arbeid både i skule og SFO.
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månader).
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurde i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i undervisninga
- Vere læraren si støttande og hjelpande hand i klasserommet
- Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen
- Delta aktivt i samarbeid med lærarar, føresette og andre tilsette
- Arbeid på SFO
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg
- Anna relevant utdanning eller erfaring kan òg vere aktuell
- Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er ein varm, raus og tydeleg vaksenperson
- Er glad i barn og oppteken av at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel
- Har evne til å byggje gode relasjonar og sjå det beste i elevane
- Kan møte elevar med ulike behov med tryggleik, tolmod og omsorg
- Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
- Kan ta imot rettleiing og beskjedar, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen
- Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og samarbeidet på skulen
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 40248174Arbeidsstad
Skulevegen 93850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5216034448
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2027
Kontaktpersoner
Gjermund Sivertsen
Rektor Kviteseid Skule
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.