Tilkallingsvikar Sunde barnehage
Omtale av stillinga
Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.
Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr.
I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst. Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit.
Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.
Vi ønskjer at du:
- Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar
- Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst
- Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
- Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov
- Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn
- Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????
Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her