Rekrutteringstillegg kr. 50.000,-

Stilling
Sjukepleiar 80% fast nattstilling ved Rosendalstunet med rekrutteringstillegg
Lokasjon
Rosendal
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bli vår nye sjukepleiar på natt?

Ved Rosendalstunet har vi no ledig ei 80 % fast nattstilling for sjukepleiar. Hos oss får du vere ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø der målet er å gje bebuarane trygg, verdig og omsorgsfull pleie.

For eksterne søkjarar tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på kr 50 000, med bindingstid på 2 år.

Oppstart snarast etter avtale.

Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre.

Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Yta heilskapleg pleie og omsorg til pasientar
  • Stell og tilsyn av pasientar både i institusjon og i heimesjukepleia
  • Utføra faste tilsyn hjå heimebuande brukarar
  • Delta ved utrykkingar og handtera alarmar, inkludert tryggleiksalarmar
  • Legemiddelhandtering
  • Dokumentasjon og oppfølging av tenestene
  • Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og kvalitetskrav
  • Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Rettleiing av studentar og elevar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein medarbeidar som:

  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Godt tverrfagleg samarbeid og fokus på fagleg utvikling
  • Tilsetjing etter gjeldande tariffavtalar og regelverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Moglegheit for dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
  • Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag

Ekstra fordel for deg som bur i Kvinnherad

Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån.

Meir informasjon

Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet

Politiattest

Det er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk.

Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter