Rekrutteringstillegg på kr. 225.000,-

Stilling
Helsefagarbeidar 80% fast stilling natt - Heimetenester gr. 4 Ølve
Lokasjon
Ølve
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. okt.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Heimetenester Hatlestrand /Ølve

Vi har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar på natt.

Til stilllinga føl ein rekrutteringsbonus på kr. 75.000,- over tre år med 5 års bindingstid.

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene i  Ølve i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.

På natt gir vi tenester til brukarar i omsorgsboligar og i heimen. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.

Arbeidsoppgåver

  • Gje heilskapleg omsorg, pleie og støtte til heimebuande og bebuarar i bufellesskap/omsorgsbustader
  • Sikra trygge og gode nattevakter
  • Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid
  • Bidra til nytenking og gode løysingar i tenestene

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Er fagleg engasjert og oppteken av god kvalitet i tenestene
  • Har omsorgsevne, ansvarskjensle og evne til å arbeida sjølvstendig
  • Samstundes er du ein god lagspelar som bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Har gjerne godt humør og liker å skapa tryggleik også om natta

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og samfunnsviktig jobb
  • Varierte arbeidsoppgåver i heimeteneste og bufellesskap
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, samarbeid og trivsel
  • Gode høve for fagleg utvikling

 Gode ordningar i Kvinnherad kommune

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Flytteutgifter etter nærare avtale
  • Gratis SFO for 1. - 3. klasse
  • Søskenmoderasjon i barnehage
  • Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring

 

Praktisk informasjon

Tilsetjing snarast.

Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong. Les meir om dette her: Startlån

Kommunen har tomter for sal i Dalsjøen byggefelt.

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.

Vil du bli vår nye kollega?

Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter