Sjukepleiar/vernepleiar

Stilling
Sjukepleiar/vernepleiar
Lokasjon
Øystese
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar

  • Øysteseheimen søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til 80% fast stilling
  • Ledig frå 1.januar 2027, oppstart etter avtale
  • Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og 3.kvar helg

Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese.  Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.

Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.


Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til pasientoppfølging 
  • Medisinske prosedyrar 
  • Koordinering av pleieplanar 
  • Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
  • Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd
  • God kommunikasjonsevner
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter

Personlege eigenskapar

  • Interesse for fagfeltet geriatri og demensomsorg
  • Engasjert og positiv
  • Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • Ein arbeidstad i utvikling
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 974 84 612

Arbeidsstad

Skårdalsvegen 20
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5192482449
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktpersoner
Anna Marie Frøseth
Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter