Etablert
2013
Hovedkontor
Balestrand

KUNSTBYGDA BALESTRAND AS

Kunstbygda Balestrand er eit selskap med eit ideelt hovudføremål som er å bidra til at kunst og andre kulturuttrykk er viktige utviklingsfaktorar i Sogn. Kunstbygda Balestrand har base i Balestrand, med kontorplass på Norsk Reiselivsmuseum. Den rike kunsthistoria i Balestrand er grunnmuren for verksemda og utgjer eit viktig utgangspunkt for arbeidet vårt. Målet er å styrke trivsel og skaparglede i regionen ved mellom anna å skaffe ressursar til kunstaktivitetar, utvikle og presentere kunst og opplevingar i samarbeid med kunstnarar, reiselivet, kommunar og andre samarbeidspartar. Kunstbygda Balestrand vert i dag finansiert av oppdragsmidlar og prosjektmidlar frå offentlege og private aktørar. Selskapet er i ein spanande fase, med høge ambisjonar og store moglegheiter. Du får ei sentral rolle i å forme den vidare utviklinga, retninga og posisjonen til selskapet, og det er mogleg for deg å setje ditt preg på korleis vi skal lukkast. Selskapet har og ei deltidsstilling som prosjektleiar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter