Miljøterapeut / Fengselsbetjent– Ungdomseining Vest Bjørgvin fengsel
Om stillinga
Kriminalomsorgen region vest har etablert eit nasjonalt sonings- og varetektstilbod for mindreårige ved Bjørgvin fengsel.
Bjørgvin fengsel Ungdomseining vest søkjar 3 fengselsbetjentar/miljøterapeuter til fast stilling snarast.
Stillinga inneber turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg.
Tilbodet byggjer på tett tverretatleg samarbeid med barnevern, psykisk helsevern, opplæringstenester og kommunale instansar. Målet er intensivt endringsarbeid slik at størst mogleg del av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengsel.
Som tilsett ved Ungdomseining Vest arbeider du tett med unge innsette under 18 år. Du skal bidra til tryggleik, struktur og målretta progresjon arbeid. Rolla inneber både tryggleiksfaglege oppgåver og relasjonsarbeid.
Du vil vere samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar. Arbeidet krev evne til tryggleikstenking, grensesetjing, konfliktløysing og motivasjonsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- daglege oppgåver i forhold til unge innsette
- strukturet endringsarbeid etter miljøterapeutiske prinsipper
- andre rutinemessige oppgåver vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdeling
- motivera dei innsette
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Kvalifikasjonar
Du må ha for miljøterapeut stilling:
- Bachelorutdanning frå høgskule/universitet (helse- og sosialfagleg retning er føretrekt)
- Minimum eitt års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og/eller arbeid i fengsel
- Erfaring frå institusjonsarbeid (vil bli vektlagt)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God IKT-kompetanse
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar
Du må oppfylle dei fysiske funksjonskrava som gjeld for opptak ved KRUS. Det vil bli gjennomført fysiske funksjonstestar for miljøterapeuter som må beståast. https://www.krus.no/fysisk-funksjonstest.521471.no.html
Du må ha for fengselsbetjent stilling:
- Bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
- God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system og verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar
Det er ønskjeleg at du har
- Fleksibilitet og tåler uføreseielegheit og har evner å prioritere i stressande situasjonar
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Fagleg interesse og engasjement for målgruppa
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å skape relasjonar til innsette
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- har god evne til tverrfagleg samhandling
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- har evne til å ta ansvar og ta avgjerder, også i krevande situasjonar
- evne og vilje til å delta på aktivitetar med ungdom utanfor fengselet
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Fagleg utfordrande og utviklande arbeid
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Trening i arbeidstida
- Gratis parkering og ladepunkt for el-bil
Stillinga er lønt som 1201 miljøterapeut med årslønn frå kr 540 000 til 685 000, avhengig av kvalifikasjonar. Eller som fengselsbetjent 0264 med årslønn pålydande, kr 515 000 - 645 000 pr år.
Gode tillegg for ubekvem arbeidstid. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn.
Våre verdiar er: Openheit, tryggleik og nytenking.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.
Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en» kan opplysinga nyttast til registreringføremål.
Prøvetida er 6 månader.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsinspektør Arne M. Hægland tlf. 55251284
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.