Fengselsførstebetjent / Seniorkonsulent tenestekontor/HR/lønn
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer fengselsførstebetjent/seniorkonsulent til ei fast stilling ved tenestekontor / HR-seksjon/lønn
Stillinga inngår i eit team med medarbeidar innan tenestekontor, HR, HMS og lønn. Funksjonen har ei sentral rolle i å sikre at lovar og avtaler blir fylgt opp, samt bidra til organisasjonsutvikling
Tenestekontoret har ei sentral rolle i å balansere krava til bemanning, medarbeidarane sine behov og fengselet sin økonomi.
Ein fengselsførstebetjent med ansvar for bemanning skal ha evne til systematisk ressursstyring og bemanningsplanlegging.
Ein seniorkonsulent har blant anna, ansvar for administrativ sakshandsaming og enklare utviklings- og utgreiingsoppåver innan arbeidsområdet
Oppstart snarleg.
Video: https://youtu.be/yPsJr8ExqtsArbeidsoppgåver
- føring av tenesteoppsett i GAT
- planleggje uttak og oppdekking av vakter ,herunder disponering av avløysarar og vikarar
- vere til støtte og bistand for linjeleiarane
- vere ein ressursperson for leiinga i turnusspørsmål, tilsettingar, analysearbeid og liknande
- ansvar for føring og overføring av lønnsdata mellom ressursstyringssytemet GAT og personalsystemet SAP
- sakshandsaming innan lønn, HR og HMS
- rekruttering
den som vert tilsett må rekne med endringar i arbeids. og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjent utdanninga frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, eller relevant Høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå og 2 års erfaring.
- interesse og forståing for IT
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ønskjeleg at du har
- efaring frå turnusarbeid
- kompetanse frå arbeid med GAT og DFØ (SAP)
- kjennskap til arbeidsmiljølova, Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten
- Excel-kunnskap
- rekruttering
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenke heilskapleg
- stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
- må kunne trivast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø
Teamsamansetting, personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- arbeidsveke måndag til fredag på dagtid med fleksibel arbeidstidsordning
- gratis parkering,
- bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
Stillinga er løna som 0265 fengselsførstebetjent kr. 630 000 - 765 000 ,- eller 1363 seniorkonsulent kr. 545 000 - 755 000,-, avhengig av ansiennitet og kompetanse.
Frå lønna vert det trekt 2% medlemsinnskott til Statens Pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert som søkjer i desse gruppene her. Me gjer merksame på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing.
Me gjer også merksame på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gitt høve til å trekkja søknaden. Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Administrasjonssjef Eirill Shin Nordvik Indrebø eirill.indrebo@kriminalomsorg.no| T: 95112964
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.