Sjukepleiar innan kreftomsorg

Stilling
Kreftsjukepleiar
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. okt.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Kjenner du deg igjen?

Ei av våre ansatte skal ut i permisjon, og vi er difor på jakt etter deg! Du likar å vere der for pasientane – i både medgang og motgang – og har eit sterkt ønske om å utvikle deg fagleg. Når du ser at innsatsen din gjer ein forskjell for andre, trivst du best. Du handterer krevjande situasjonar med ro, samarbeider godt med kollegaer frå ulike fagfelt og ønskjer å vere del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.

Variasjonen er stor hos oss – du jobbar til dagleg på kreftpoliklinikken, og kvar fjerde helg er du på sengepost og følgjer opp pasientane der. Slik får du ein fin kombinasjon av tryggleik, læring og pasientnær erfaring.

Her får du moglegheita til å gjere ei skilnad i livet til pasientar og pårørande som står i ein krevjande livssituasjon – noko som gjer arbeidet både meiningsfullt og lærerikt.

Vi har spennande tider i vente! I 2027 flyttar vi inn i toppmoderne lokale – og blir del av ei ny, framtidsretta kreftavdeling for både poliklinikk og sengepost.

👉 Vil du vere med på reisa vidare? Send oss søknaden din – vi gler oss til å bli kjent med deg!


Kva gjer ein kreftsjukepleiar hos oss?

Dette er noko av det du vil jobbe med:

  • Ivaretaking og behandling av pasientar som får kreftbehandling (cellegift og immunterapi).
  • Du får utføre sjukepleieprosdyrar, handtera medikamentar og sikre at rutinane blir utført med god kvalitet.
  • Undervisning og opplæring av pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Arbeid på sengepost kvar fjerde helg - slik at du får innsikt i heile pasientforløpet.
  • Du får høve til å vere kontaktsjukepleiar for studentar i vidareutdanning.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning i kreftsjukepleie/palliasjon er ønskeleg. Har du minst to år klinisk erfaring med kreftpasientar, kan du likevel vere aktuell.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

På Kreftpoliklinikken møter vi mange ulike situasjonar i løpet av arbeidsdagen – derfor treng vi deg som:

  • handterer høgt arbeidspress med ro, struktur og fagleg tryggleik
  • møter pasientar og pårørande med respekt, medkjensle og tydeleg kommunikasjon
  • set pris på å samarbeide tett med kollegaene, men òg kan jobbe sjølvstendig
  • trivst i eit miljø med høgt tempo, og bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Møte med pasientar i ulike aldrar, med ulike diagnosar og i ulike livssituasjonar.
  • Ein variert kvardag mellom poliklinikk og sengepost.
  • Fagleg påfyll, kurs og rettleiing frå erfarne kollegaer.
  • Eit stabilt og støttande arbeidsmiljø med høg kompetanse og lågt sjukefråvær – der vi tek vare på kvarandre og trivst i lag.
  • Høve til å delta i forskingsprosjekt og utviklingsarbeid innan kreftomsorg.


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Hystad, Konstituert funksjonsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5183864843
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.12.2026
Søknadsfrist: 06.10.2026

Kontaktpersoner
Elisabeth Hystad
Konstituert funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter