Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg

Stilling
Avdelingsleiar bygg og anlegg
Lokasjon
Hovland
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. jan. 2027
Få påminnelse
44 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Kan du setje opp eit byggjeprosjekt og samtidig få eit lag med dyktige fagarbeidarar med deg i kvardagen? Då kan du vere den rette for denne stillinga. Kraftmuseet tek vare på tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi, og no søkjer vi ein avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på bygga og anlegga våre i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling.

Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar rapporterer du til direktør og leier ei avdeling med fire faste medarbeidarar med bakgrunn som fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Du er synleg i den daglege drifta og held samtidig oversikt over årshjulet, prosjekta og prioriteringane i avdelinga. Du vil også jobbe med å prosjektere, kalkulere og byggjeleie store og små bygningstiltak.

Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere å:

  • leie, følgje opp og motivere medarbeidarane i avdelinga
  • planleggje og følgje opp eit heilårleg årshjul for drift og vedlikehald, tilpassa årstidene
  • skrive søknader om tilskot, til dømes midlar til forvaltning, drift og vedlikehald frå Riksantikvaren, og rapportere på dei
  • utarbeide grunnlag for offentlege anbod og følgje opp eksterne rådgjevarar og entreprenørar
  • halde god dialog med vernestyresmaktene og delta i faglege nettverk
  • handtere akutte avvik på bygg og anlegg på ein strukturert og ryddig måte
  • bidra til revisjon av internt planverk og leggje til rette ved utleige av lokale

Din profil

Vi søkjer deg som har solid byggfagleg forankring og som har drive komplekse byggjeprosessar før. Du er nysgjerrig, trivst både ute i drifta og med planlegginga, og har interesse for museumsfeltet og kulturarven vi forvaltar. Som leiar er du tålmodig og inspirerande. Du lyttar godt, fremjar saka di på ein konstruktiv måte og finn gode kompromiss når prioriteringane står mot kvarandre.

Vidare ser vi for oss at du har:

  • utdanning som byggingeniør eller arkitekt, eller fagbrev som tømrar eller snikkar med vidareutdanning som meister, frå teknisk fagskule eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse.
  • minst tre års relevant erfaring frå prosjektering, prosjektleiing eller byggjeleiing
  • god kjennskap til norsk plan og lovverk og avtaleverk innan bygg
  • forståing for kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern
  • erfaring med personalleiing, som er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode leiareigenskapar og vilje til å lære
  • gode digitale ferdigheiter og kjennskap til prosjekteringsverktøy
  • svært god norsk munnleg og skriftleg, og gjerne erfaring med nynorsk som arbeidsspråk
  • førarkort klasse B

Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.

Kvifor Kraftmuseet?

  • Kulturminne utan sidestykke: Du får ansvar for unike bygg og anlegg, frå den freda kraftstasjonen Tysso I til veteranbåten M/Y Tysso og museet sitt eige fjernvarmeanlegg.
  • Reell påverknad: Organisasjonen er flat og vegen til direktør er kort, så du ser raskt resultatet av prioriteringane dine.
  • Nasjonale nettverk: Gjennom museumsordninga til NVE og ulike nettverk møter du andre fagfolk og deltek i faglege samarbeid for tekniske og industrielle kulturminne over heile landet.
  • Ordna vilkår: Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. 

Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY ved rådgjevarane:

  • Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
  • Dorthe Utvik, tlf. 484 47 373

Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt, også overfor oss i Kraftmuseet i den innleiande fasen dersom det er ønskjeleg.

Tiltreding etter avtale.

Kontaktinformasjon

Dorthe Øygard Eide, Rådgiver - research & analyse, +47 484 47 373, doe@hamnoy.no
Fredrik Deilkås, Rådgiver, +47 984 72 541, fad@hamnoy.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: HAMNØY AS

Referansenr.: 5213378105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2027

Kontaktpersoner
Fredrik Deilkås
Rådgiver
Dorthe Øygard Eide
Rådgiver - research & analyse
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter