Informasjonsforvaltar
Konkurransetilsynet har som hovudoppgåve å fremje konkurranse til det beste for forbrukaren, mellom anna ved å handheve konkurranselova.
Tilsynet sine tilsette arbeider dagleg med spennande og utfordrande konkurransesaker som involverer sentrale aktørar innan norsk næringsliv. Tilsynet sine tilsette arbeider saman med andre europeiske land sine konkurransestyresmakter, EFTAs overvakingsorgan (ESA) og Europakommisjonen, og deltek dessutan i anna internasjonalt samarbeid innan våre fagområde.
Bak gode avgjerder, openheit og innsyn ligg eit viktig arbeid med å sikre at informasjon blir forvalta på ein trygg og korrekt måte. Som informasjonsforvaltar i Konkurransetilsynet får du ei sentral rolle i dette arbeidet frå dokumentasjon som skal journalførast og vere lett å finne att, til informasjon som skal bevarast for framtida. Vi søkjer deg som har gode fagkunnskapar innan informasjonsforvaltning, arkiv, offentleg saksbehandling og IT, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle dokumentforvaltninga hos oss. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø der dyktige kollegaer samarbeider om å utvikle og forbetre arbeidsprosessar gjennom digitalisering, automatisering og forenkling, samtidig som vi sikrar god og stabil dagleg drift. Som informasjonsforvaltar vil du samarbeide tett med både juristar, økonomar, etterforskarar og tilsette med særskilt digital kompetanse, og stillinga krev gode samarbeidsevner.
Dine mest sentrale arbeidsoppgåver i stillinga vil vere- Dagleg dokumenthandtering, i samsvar med lover og forskrifter
- Ansvar for drift av tilsynet sitt postmottak inkl. journalføring og mottak
- Ekspedering, publisering og behandling av dokument og datasett
- Oppfølging av innsynskrav og kvalitetssikring av dokumentflyt
- Støtte saksbehandlarar og handtering av ulike førespurnader
- Kvalitetskontroll av registrerte data
- Opplæring og rettleiing av tilsette i bruk av sak- og arkivsystem
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn
- Relevant utdanning eller erfaring innan arkiv- og dokumentforvaltning
- Fordel med erfaring frå elektroniske sak- og arkivsystem, samt Office-programvare
- Ønskeleg med erfaring innan offentleg saksbehandling
- Bør ha kjennskap til arkivlova, offentleglova, forvaltningslova og andre relevante lovverk.
- Fordel med erfaring innan forvaltning av datasett
- Kommuniserer godt på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
- Generelt god IT-kompetanse
- Jobbar strukturert og nøyaktig
- Er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Deler kunnskap, rettleiar kollegaer og tilpassar opplæringa til den enkelte sitt behov
- Tek initiativ til forbetringar og utvikling
- Arbeidar sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver, samtidig som du trivast med tverrfagleg samarbeid
Vi kan tilby deg
Å bli ein del av vårt inspirerande, faglege og gode arbeidsmiljø. Vi legg vekt på gode lærings- og utviklingsmoglegheiter i arbeidet vårt. Arbeidsoppgåvene blir svært varierte og du får arbeide med ein rekkje spennande og utfordrande saker. Våre tilsette deltek aktivt på interne og eksterne kurs og konferansar. Vi har også gode ordningar for dei som ynskjer relevant vidareutdanning.
Våre moderne og universelt utforma lokale sentralt i Bergen sentrum gir deg ein flott base å arbeide frå. Vi er opptekne av ein god balanse mellom jobb og fritid, og hos oss får du fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida. Sykkelparkering og flotte garderobefasilitetar er også på plass. Vi har god pensjonsordning hos Statens Pensjonskasse, gode velferdsordningar, kantine og eige bedriftsidrettslag.
Stillinga blir lønna ut frå kvalifikasjonar og iht. til det statlege lønnsregulativ som
rådgjevar (st. kode 1434) i lønnsspennet kr. 650 000 770 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan gjerast offentleg sjølv om søkjaren har
bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Dersom ein søkjar ynskjer å
reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden.
Les dette før du søkjer
Vi i Konkurransetilsynet er opptekne av å ha eit inkluderande arbeidsmiljø. Mangfald betraktar vi som ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Her er det fleire kategoriar, og så sant det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avgrensingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Er du nysgjerrig og vil vite meir om stillinga?
Ta kontakt med Teamleiar for informasjonsforvaltning Morten Eek , 55 59 75 32 eller seniorrådgjevar Jerman Brenning, , 55 59 75 76.