Visuell innhaldsutviklar (1 års vikariat)
I seksjon for Kompetanse og digital læring i Helse Vest IKT har vi ledig eit eittårig vikariat i innhaldsproduksjonsteamet vårt. Vi ser etter ein allsidig animatør / visuell innhaldsutviklar som både meistrar sjølve handverket med å skape animasjon, 3D og levande bilde, og som ønskjer å bidra aktivt inn i smidig prosjektarbeid frå start til slutt.
Hos oss utviklar vi digitale læringsprodukt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesten på Vestlandet. Vi jobbar målretta for å kome bort frå tunge, tekstbaserte kurs, og heller bruke god visuell formidling for å forklare kompliserte ting på ein enkel måte. For å få til dette treng vi deg som kan kombinere visuell produksjon med god prosess- og brukarforståing.
Arbeidsoppgåver
Du kjem inn i eit tverrfagleg produksjonsteam med bakgrunn innan læringsdesign, pedagogikk og grafisk design. Hos oss vil rolla di vil veksle mellom visuell produksjon og deltaking i det breiare utviklingsløpet for e-læringskursa våre. Oppgåvene vil variere etter kva prosjekt og behov som kjem inn i løpet av engasjementet, men du vil mellom anna:
- Delta i prosjektmøter og samarbeide tett med fagmiljø på sjukehusa for å forstå målgruppa og kartleggje brukarbehov.
- Vere med i tidleg fase, konseptutvikling, kursskisser og manusarbeid saman med resten av teamet – og gjerne dra prosessar frå idé og storyboard til ferdig løysing.
- Lage korte animasjonar (2D/3D), video og visuelt innhald som forklarar prosedyrar eller faglege konsept i e-læringskursa våre.
- Bidra med generell produksjon, kursbygging og revisjonar i utviklingsløpet når det krevst.
Kvalifikasjonar
I tråd med kvalifikasjonsprinsippet legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit:
- Portefølje / Showreel (ønske): Vi ønskjer å sjå konkrete døme på kva du har laga av animasjon, 3D, video eller anna visuell historieforteljing.
- Du har relevant utdanning innan animasjon, 3D, digital medieproduksjon, visuell kommunikasjon eller tilsvarande. Solid praktisk erfaring og ein god portefølje kan vege opp for formell utdanning.
- Du er stødig og effektiv i relevante verktøy for animasjon, 3D og video (som t.d. After Effects, Premiere Pro, Blender eller tilsvarande), og har kjennskap til heile den kreative pipelinen. Kjennskap til forfattarverktøy for e-læring er ein fin bonus.
- Du har gjerne erfaring med – eller interesse for – manusarbeid, visuell
konseptutvikling og smidig prosjektarbeid. - Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Som person er du ein lagspelar som også jobbar godt på eiga hand.
- Du er fleksibel og open for å ta i eit tak der teamet treng det i produksjonen.
- Du er proaktiv og løsningsorientert
- Du er leveransedyktig og initiativrik
- Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
- Du deler villig av din kompetanse til resten av teamet
- Du bidrar inn til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein variert kvardag: Du får brukt både den visuelle spisskompetansen din og evna til å jobbe med konsept, manus og prosjektutvikling i praksis.
- Ein jobb som betyr noko: Kursa og innhaldet du er med på å lage bidreg til ein tryggare og enklare arbeidskvardag for medarbeidarar i spesialisthelsetenesta på Vestlandet.
- Eit sterkt og uformelt fagmiljø: Vi er ein engasjert gjeng som deler kunnskap, sparrar i kvardagen og har låg terskel for å teste nye grep.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Hugs å leggje ved lenkje til showreel eller portefølje i søknaden din – vi gler oss til å sjå kva du har laga!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frøy Kristin Johnsen, SeksjonsleiarArbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 5202417753
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026