Tilkallingsvakt arrangement
Stilling
Tilkallingsvakt arrangement
Lokasjon
Kleppe
Antall posisjoner
4
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Engasjement
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Klepp kommune ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar. Kommunen har 21 000 innbyggarar. Landskap og natur i kommunen er prega av eit bølgande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender mot storhavet. Kommunen har et flatemål på 115 km2 og ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar.
Kommunen er organisert i fem hovedområder; samfunn og kultur, økonomi, felles tjenester, barn og unge og helse og velferd.
No står nye Plogen kulturhus klart for innflytting, med bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb, kulturskule, kafé og kultursal. Klepp får ein splitter ny og moderne kultursal, tilrettelagd både for det frivillige kulturlivet og for profesjonelle produksjonar. Me satsar på å få til ein sal med høg aktivitet, eit variert, spanande og mangfaldig program og ikkje minst høg deltaking frå gode kulturkrefter i regionen.
Klepp kommune søkjer tilkallingsvakter til arrangement som vil bidra til at Plogen kulturhus blir ein aktiv og inkluderande møteplass for heile Klepp. Du får ansvar for at publikum blir tatt i mot på ein god måte, både når det gjeld arrangementsavvikling og sikkerheit. Arbeidsmengda vil variere og arbeidsoppdrag vil skje ved tilkalling.
4351 Kleppe
Referansenr.: 5207255314
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 27.11.2026

Arbeidsoppgåver
- Praktisk gjennomføring av arrangement
- Billettkontroll og publikumsrettleiing
- Sal av bar- og kioskvarer
- Klargjering og rydding før og etter arrangement
- Opning og stenging av kultursalen
- Oppfølging av tryggleiks- brann og beredskapsrutinar
- Enkle tekniske oppgåver etter opplæring
- Samarbeid med arrangørar, artistar og kollegaer
- Rettleing av frivillige arrangementsvertar
Kvalifikasjonar
- Har fylt 18 år
- Har gode munnlege kommunikasjonsevner på norsk
- Er fleksibel og kan arbeide på kveldstid og i helgar
- Har interesse for kultur, arrangement og publikumsarbeid
- Handterer uventa situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
- Kan handtere enkle riggeoppgåver
- Har grunnleggjande digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Er serviceinnstilt og trivst med kontakt med menneske
- Har gode samarbeidsevner og ei positiv innstilling
- Er påliteleg, ansvarsmedviten og kan arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Eit spanande tverrfaglig miljø og moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga av kommunen sitt kulturliv
- Varierte og utfordrande oppgåver
- Lønn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordninga (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- Gratis parkering
- Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Kontaktinformasjon
Andre Foldøy, Leder, +47 91112011Arbeidsstad
Solavegen 14351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5207255314
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 27.11.2026
Kontaktpersoner
Andre Foldøy
Leder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.