Pedagogisk leiar
Orstad naturbarnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.04.2026
Vi ser etter deg som brenn for å skape gode barndomsminner, og som ønskjer å jobbe i eit miljø med fokus på natur, leik, utforsking og trygge relasjonar.
Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Hjå oss er leik, mestring, samarbeid og nærleik til naturen ein naturleg del av pedagogikken. Vi er eit fagleg engasjert personale som jobbar målretta for å skape eit innkluderande og godt barnehagemiljø.
Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare læring. Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn.
Arbeidsoppgåver
- Leie og organisere det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan
- Planlegge, gjennomfør, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet i barnegruppa.
- Legge til rette for barn sin leik, læring, trivsel og utvikling.
- Veilede og støtte personalet i det arbeidet.
- Ta initiativ til å være pådriver for fagleg utvikling og nytenkning, og sjå ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.
- Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelingen, og skal jobbe for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen.
- Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)
- Søkarar må tilfredstille krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal
- Godkjend politiattest må foreligge før tiltredelse
- For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Husk å laste opp attestar og vitnemål når du søkjer
Personlege eigenskapar
- Du er autoritativ i møtet med barn og dine medarbeidere.
- Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute
- Du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta
- Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har et bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt leiarteam
- Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
- Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
- Du har fokus på nærvær
- Du må ha helse som er foreneleg med det å jobbe i barnehage
Vi tilbyr
- Eit sterk fagleg felleskap, og muleghet til å bidra til utviklinga av framtidas barnehage.
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø med stabile medarbeidarar som kjenner kvarandre godt og som saman skapar forutsigbarhet, kvalitet og gode opplevingar for både barn, tilsette og føresette.
- Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP. Gode lønnbetingelsar for dei med relevant vidareutdanning
- Klepp kommune har ulike velferdsordningar og gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Elin Solheim Pedersen, Styrar, +47 45037317Arbeidsstad
Skogvegen 164353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5211209069
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026