Miljøveiledar - Orstad læringssenter

Stilling
Miljøveileder
Lokasjon
Klepp Stasjon
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bidra til at elevane ved Orstad læringssenter får ein lærerik kvardag?

Orstad læringssenter har ledig ei fast 100 % stilling med oppstart snarast mogleg.

NB: Fram til sommaren 2027 vil arbeidsstaden vere ved Tu skule / SFO. Frå 01.08.2027 vil arbeidsstaden vere ved Orstad læringssenter / SFO. 

Orstad skule er ein 1-10.- skule med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Skulen har omlag 320 elever og 65 tilsette. Skulen ligg i flotte omgjevnader like ved turområde som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Orstad læringssenter har no 14 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov. Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsetjingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar.  Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledarar og pedagogar. Læringssenteret har og eit SFO-tilbod. Tu skule er ein 1.-7. skule med 200 elevar. Skulen ligg lokalisert på Kåsen, på grensa mellom Klepp og Time kommune. Tu skule og SFO har behov for miljøterapeut fram til 31.07.27. Stillinga er knytt til ein elev som har behov for ein til ein oppfølging i skule og SFO. Den tilsette har arbeidsstad på Orstad læringssenter frå 01.08.27. Det blir tett samarbeid med Orstad læringssenter våren 2027.

Klepp kommune sin visjon "Med blikk for alle!" er overordna for begge skulane. Ved begge skulane arbeider me for å skape eit trygt og inkluderande fellesskap der alle elevar får oppleva meistring, trivsel og læring. Som miljøveiledar vil du ha ei viktig rolle i dette arbeidet.

Me vurderer søknadar forløpande og oppmodar deg til å søke så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Aktivt arbeid med elevar i skule og skulefritidsordning. Det inneber tilrettelegging for læring for elevar med ulike funksjonsnedsetttingar, inkludert åtferdsmessige og/eller medisinske utfordringar.
  • Delta og samarbeide i fleirfaglege team på Orstad Læringssenter.
  • Bruk av evidensbasert metodikk og arbeidsmåtar.
  • Bruk av digitale hjelpemiddel, teiknspråk og ASK i undervisning.
  • Ved behov yte bistand til elever i drosjeskyss til/frå skulen og aktivitetar utanfor ordinar skuletid i skulen sin regi.

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar//barnevernspedagog/sjukepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Erfaring frå arbeid med elevar med autismespekterforstyrrelser og/eller store samansette funksjonsnedsettingar
  • Kompetanse vedr førebygging og handtering av utfordrande åtferd
  • kjennskap til alternative kommunikasjonsformer og - hjelpemiddel
  • Oppdatert på relevante arbeidsmåtar og forskingsbasert metodikk
  • Veiledningskompetanse i ein til ein og i grupper
  • Personlig eignaheit blir vektlagt
  • I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål

  • Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Me gjer de meksame på at dokumentasjon på blant anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Du er systematisk og strukturert
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • Du viser engasjement og evne til refleksjon
  • Du er raus og positiv og har genuin interesse for arbeid med barn med nedsett funksjonsevne
  • Du tek ansvar, er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Evne til å tenkje heilskapleg rundt elevane sitt læringsmiljø
  • Flink til å formidle bodskap i veiledningssituasjonar

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger. Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk

Kontaktinformasjon

Vibeke Sola, Rektor Tu skule, 40288726, vibeke.sola@klepp.kommune.no
Randi Harveland, Rektor Orstad skule, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5206537876
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026

Kontaktpersoner
Randi Harveland
Rektor Orstad skule
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter