Helsesjukepleiar
Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag?
Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Om arbeidsstaden
Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester.
Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging.
Om stillinga
Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom for tidleg identifisering av behov og oppfølging
- Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar
- Undervisning trinnvis og i grupper
- Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering
- Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar
Kvalifikasjonar
- Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsesjukepleiar
- Er du i utdanningsforløp som helsesjukepleiar, kan du også søkje
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskelig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som:
- Har gode samarbeidsevner brenn for å fremje god helse og livsmeistring hos barn og ungdom
- Møter barn, ungdom og føresette med respekt, tryggleik og varme
byggjer gode relasjonar og skaper tillit - Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- Trivst med samarbeid og ser verdien av tverrfagleg arbeid
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr:
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar dag
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Tett samarbeid i tverrfaglege team
- Faste fagmøte, rettleiing og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Fadderordning og god oppfølging i oppstartsperioden
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
- Løn etter gjeldande avtalar
Kontaktinformasjon
Inger Olsson, Leder, +47 90804283Arbeidsstad
Olav Hålandsveg 24351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5187914808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026