Fagarbeider/assistent
Stilling
Fagarbeider/assistent
Lokasjon
Kleppe
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Kunne du tenkje deg å bidra til at barna i Kleppe friluftsbarnehage får ein inkluderande, lærande og kjekk kvardag?
Er du positiv og løysingsorientert, og trivst med at ingen arbeidsdagar er like?
Synest du det er spennande og kjekt å jobbe i barnehage, eller har du lyst til å lære meir om korleis det er å arbeide i barnehage? Då kan dette vere jobben for deg!
Kleppe friluftsbarnehage treng ein vikar i 100 % stilling fram til og med 13.08.2027. Oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Som vikar i Kleppe friluftsbarnehage er du ein del av barnehagen sitt team, og du vil arbeide tett saman med andre kollegaer med lang erfaring. Du skal bidra til at barna får ein trygg og lærerik kvardag i barnehagen vår, og at kvardagen deira er i tråd med barnehagelova og Rammeplanen. Dette vil du få høve til å lære meir om ved tilsetjing.Kvalifikasjonar
- Har du fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, er det ein fordel, men ikkje ei føresetnad.
- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere språkkompetanse på nivå B1 eller tilsvarande. Dette gjeld ikkje søkjarar som har eit skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehagelova § 18 a).
- Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta
- Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
- Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
- Du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
- Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
- Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler.
- Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk
Kontaktinformasjon
Cathrine Salte, Styrar, +47 93055166Arbeidsstad
Fredheimsvegen 184350 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5205948135
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 13.08.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026
Kontaktpersoner
Cathrine Salte
Styrar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.