Buveileder bustadkontoret

Stilling
Buveileder bustadkontoret
Lokasjon
Kleppe
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
12. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du lyst til å arbeide med bustad oppfølging og saksbehandling på bustadkontoret i Klepp?

Klepp kommune søkjer deg som har lyst til å vera med å bistå innbyggjarar i kommunale bustadar med å meistra å bu i eigen bustad.

Har du stå - på vilje og lyst til å vera med å videreutvikla det bustadsosiale arbeidet i kommunen? Då kan du vera personen me søkjer etter. 

Som buveileder på bustadkontoret inngår du i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, og det er 3 årsverk knytt til kontoret.

Kontoret er organisert under kommunal område helse og velferd, og i avdeling for tenestekontor. Det er samla 15 årsverk i avdelinga.

Næraste overodna er avdelingsleiar for tenestekontoret.
Oppgåvene er veiledning, saksbehandling/tildeling og oppfølging av kommunale bustadar. Ein stor del av kvardagen handlar om å bygge gode relasjonar, motivere brukarar og hjelpe dei til å nå eigne mål. Arbeidet føregår både i brukars heim og på kontor. Det er tett samarbeid med eiendomsavdelinga, flyktningetenesta, Nav og dei ulike avdelingane i helse og velferd. 

Visjonen for kommunen er: " med blikk for alle" og er med oss i alt arbeidet vi utfører.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av leigetakarar i kommunale bustadar
  • Bistå søkjarar til kommunal bustad med å finne bustad på det private markedet
  • Praktisk og økonomisk veiledning, og motivere til økt sjølvstendighet og mestring 
  • Delta i kartlegging og saksbehandling av søknader om kommunal bustad

Kvalifikasjonar

  • Sosialfagleg/ økonomisk bakgrunn på høgskulenivå eller anna relevant høgskulenivå
  • Erfaring innan bustadsosialt arbeid
  • God økonomi forståing
  • Kunnskap og erfaring innan psykisk helse og rus
  • Gode datakunnskap
  • God norsk kunnskap, kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Ynskjeleg med kjennskap til lov- og avtaleverk for fagområde og offentleg forvaltning
  • Attester og vitnemål
    Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Stødig og trygg fagperson som trives i samspel mellom medarbeidere og innbyggjarar
  • God på relasjonsbygging. Evne til å skape god dialog
  • Ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide strukturert
  • Ha evne til å motivere, skape engasjement og fremme refleksjon
  • Gjennomføringsevne, serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert
  • Uredd og robust, du må tale å arbeide med motstand.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre

For å lykkast i stillinga er det viktig å skape god dialog med innbyggjarane og ha gode kommunikative ferdigheter. Personlege eigenskapar er sentrale og vil bli lagt størst vekt ved tilsetning

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver der du vil være med å utvikle kommunen i framtida
  • Gode kollegaer, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
  • Gratis parkering
  • TIlgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
  • Bedriftskunstforening
  • Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
  • Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Jane Fossan, Avdelingsleder, +47 92859072

Arbeidsstad

Solavegen 1
4351 KLEPPE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5200701803
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026

Kontaktpersoner
Jane Fossan
Avdelingsleder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter