Leiar med hjarte for menneske og blikk for utvikling?

Stilling
Barnevernleiar
Lokasjon
Kleppe
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
14. okt.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

I Klepp kommune arbeider me kvar dag for at barn og unge skal oppleva tryggleik, meistring og gode oppvekstvilkår. No søkjer me ein leiar som vil vera med å forma framtidas barnevern saman med dyktige medarbeidarar og sterke samarbeidspartnarar.

Me ser etter deg som veit at gode resultat blir skapte gjennom menneske. Du byggjer relasjonar, skapar tillit og får folk til å veksa. Samstundes er du fagleg trygg, strukturert og oppteken av kvalitet i arbeidet.

Dette er ei stilling for deg som ønskjer å utvikla, utfordra og skapa.

Kvifor Klepp?

  • Fordi du får høve til å leia ein teneste med stor betydning for mange menneske.
  • Fordi du får arbeida saman med kompetente og engasjerte kollegaer.
  • Her får du vera med på noko større enn deg sjølv - bidra i samhandling med andre til å gjera Klepp til ein kommune kor det er godt å veksa opp.

Bli med og skap gode oppvekstvilkår i Klepp kommune!

Me trur på krafta i gode relasjonar - gjer du det same, håpar me å høyra frå deg.

Søk i dag, og bli med på laget!


Arbeidsoppgåver

Barnevernstenesta i Klepp er ein viktig del av kommunen sitt samla arbeid for barn, unge og familiar. Me samarbeider tett med helsestasjon, barnehagar, skular,  PPT og fleire andre tenester for å finna gode løysingar rundt barnet.

Som leiar får du ansvar for å:

  • skapa retning og samhandling i tenesta
  • vidareutvikla ein kultur prega av tillit, læring og fagleg kvalitet
  • leggja til rette for at medarbeidarane lukkast og utviklar seg
  • sikra god drift, kvalitet og utvikling
  • styrkja samarbeidet med familiar, samarbeidspartnarar og kommunen elles

Kvalifikasjonar

  • Barnevernfagleg utdanning på masternivå, alternativ annen relevant utdanning på tilsvarande nivå (jfr § 15.6 lov om barnevern)
  • Relevant bachelorutdanning med erfaring frå barnevern og/evt  relevant vidareutdanning (jfr § 15.6 lov om barnevern)
  • Leiarutdanning, eller vilje til å ta dette
  • Leiarerfaring med dokumentert kapasitet til å leia menneske og utvikla fagmiljø
  • God forståing av lovverk, fagleg standardar og offentleg forvaltning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Du er først og fremst ein trygg, relasjonell leiar. Du ser menneska rundt deg og veit korleis du byggjer sterke lag. Samstudes trivst du med ansvar, tek gode avgjerder og står støtt når det krevst.

Du:
- byggjer tillit gjennom handlingar og kommunikasjon
- motiverer og utviklar medarbeidarar
- skapar engasjement og felles retning
- arbeider systematisk og målretta
- har fagleg integritet og høge ambisjonar på vegne av barna
- ser samanhengar og samarbeider godt på tvers av fag og tenester

Me tilbyr

  • Ei meiningsfull leiarstilling med stor samfunnsverdi
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Eit sterkt tverrfagleg miljø med fokus på tidleg innsats og samordna tenester
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Gode ordningar for kompetanseutvikling
  • Systematisk leiaroppfølging og støtte
  • Eit godt tverrfagleg leiarteam under oppvekstsjef som står saman med deg i utvikling av tenesta

Kontaktinformasjon

Gry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, +47 41637049

Arbeidsstad

Olav Hålandsveg 2
4351 KLEPPE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5186075604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026

Kontaktpersoner
Gry Susanne Hetlelid
Oppvekstssjef
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter