Barne- og ungdomsarbeider

Stilling
Barne- og ungdomsarbeider
Lokasjon
Kleppe
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
29. nov.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og skape gode dagar for barn? 

Fagteamet i barnehagane i Klepp kommune søkjer fagarbeidarar med oppstart snarast mogleg. 
Fagteamet arbeider for at barn med behov for ekstra støtte skal få gode, trygge og utviklande dagar i barnehagen. Gjennom spesialpedagogiske tiltak og andre nødvendige støttetiltak følgjer vi opp mål som er fastsette i sakkunnige vurderingar og vedtak. Vi er opptekne av å sjå det enkelte barnet sine ressursar og moglegheiter, og arbeider kvar dag for å skape gode opplevingar, meistring og tilhøyrsle i fellesskapet. Som tilsett i fagteamet får du vere med på eit viktig arbeid som kan gjere ein stor forskjell i barn sine liv.Vi ser etter deg som har eit stort hjarte for barn og som ønskjer å bidra til at barn får oppleve tryggleik, meistring og utvikling i kvardagen. 

Hos oss får du arbeide tett på barna i kommunale og private barnehagar i Klepp kommune. Vi er opptekne av nærvær, relasjonar og tidleg innsats, og vi ønskjer medarbeidarar som trivst i direkte arbeid med barn. 

Som fagarbeidar i fagteamet vil du vere ein viktig støttespelar for barn som treng litt ekstra oppfølging for å få best mogleg utvikling og deltaking i barnehagekvardagen. 


Arbeidsoppgåver

  • Direkte arbeid med barn individuelt og i grupper 
  • Bidra til å skape trygge, gode og inkluderande miljø for barn 
  • Delta i gjennomføring av tiltak kring barn med særskilde behov 
  • Støtte barna i leik, læring og sosial utvikling 
  • Samarbeide tett med føresette og tilsette i barnehagane, og med tilsette og leiarteamet i Fagteamet.  
  • Bidra til at barna opplever meistring og fellesskap i kvardagen 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar 
  • Vidareutdanning innan spesialpedagogikk er ønskjeleg 
  • Anna relevant vidareutdanning eller erfaring frå arbeid med barn vil bli vektlagt 
  • Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov er ein fordel 
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
  • Førarkort klasse B 
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein kollega som 
  • Møter barn med varme, omsorg og respekt 
  • Er til stades og byggjer trygge relasjonar 
  • Ser moglegheiter og ressursar hos kvart enkelt barn 
  • Samarbeider godt med både føresette og kollegaer 
  • Er positiv, engasjert og fleksibel 
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagleg fellesskap 
  • Har ei helse som er foreneleg med det å arbeida i barnehage.  

Vi tilbyr

  • Hos oss får du 
  • Eit viktig og meiningsfylt arbeid med barn 
  • Moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag 
  • Eit varmt, inkluderande og støttande arbeidsmiljø 
  • Samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer 
  • Varierte arbeidsdagar med høg grad av nærvær i arbeidet med barna 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Klepp kommune 
  • Tett oppfølgjing frå leiarteamet i Fagteamet.  

Kontaktinformasjon

Trine Vika Tengesdal, Styrar, +47 93021953

Arbeidsstad

Engrappstubben 1
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5209106548
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktpersoner
Trine Vika Tengesdal
Styrar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter