Barne - og ungdomsarbeidar

Stilling
Barne - og ungdomsarbeidar
Lokasjon
Klepp Stasjon
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. okt.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Engelsvoll skule har ledig eit vikariat innan barne - og ungdomsarbeidarfaget ut skuleåret 26/27. Stillinga er ledig frå 01.11.26. Stillinga er delt mellom skule og SFO. 
Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull vaksen. Du har solid relasjonskompetanse, er inkluderandre og robust i møte med elevane, og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.  

Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, utviklar vårt eige skaparverkstad (maker space), tilbyr elevane våre ein hjernevennleg skulekvardag med leik og læring, og brukar Lesson study som metode. 

Engelsvoll skule er sentralt plassert nær togstasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå togstasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.  

Dette skuleåret har vi 160 elevar og 26 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å bidra til det beste for elevar og kollegaer. 

Arbeidsoppgåver

  • Vi søker etter deg som vil bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevar og kollegaer. Det er difor viktig at ditt pedagogiske kompass er forankra i ein inkluderande pedagogikk der læring og utvikling skjer i aktivitet og saman med andre. 
  • Kjerneoppgåva er knytt til å bistå elevar slik at dei blir tilgjengelege for læring. Du bidrar til planlegging, gjennomføring og evaluering av faglege og sosiale økter i undervisning og SFO. Du blir og ein del av skulen sitt miljøteam, der du samarbeider med kollegaer om å tilby varierte, forebyggande aktivitetar for elevane ved skulen og SFO. For å kunne tilby elevane ei praktisk, variert og inkluderande kvardag på skule- og SFO, arbeider du i team med skuleleiing, lærarar og andre fagarbeidarar.   

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan barne - og ungdomsarbeidarfaget vil bli vektlagt. 
  • Det er ønskeleg med kompetanse/erfaring i grunnskulen.
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg.
  • God norskkunnskap tilsvarende B1 eller høgare.

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter deg som er engasjert, fremoverlent og som ønsker å vere med å bygge ein kultur der ein samarbeider på tvers av kompetanse og roller. Du er lidenskapeleg opptatt av læring og leik, elsker å jobbe med barn og unge, og ser verdien av å bidra til eit inkluderande og trygt læringsmiljø.
  • Du er ein autoritativ vaksen med solid leike - og relasjonskompetanse. Du er tålmodig og har eit blikk for å møte eleven der den er. Kapasiteten er høg og du søker utvikling på eigne vegne og for organisasjonen. 

Vi tilbyr

  • På Engelsvoll skule har vi det jillt. Vi tilbyr ein spennande og allsidig jobb der du kan vere med på å gjere ein forskjell for elevane våre gjennom å vidareutvikla eit godt lærings- og arbeidsmiljø.  
  • Du vil sjøvsagt få støtte og opplæring for å kunne gjere ein god jobb.  
  • Gode velferds- og forsikringsordningar. 
  • Lønn etter avtaleverk. 

Kontaktinformasjon

Lise Følgesvold Pedersen, Rektor, +47 45036415
Liv Marit Wulvig Steen, SFO-leiar, +47 45260724, liv.marit.wulvig.steen@klepp.kommune.no

Arbeidsstad

Engelsvollvegen 91
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5187218884
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 11.10.2026

Kontaktpersoner
Lise Følgesvold Pedersen
Rektor
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter