Vil du bli vår nye sjukepleiar?
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post ved Haugesund sjukehus.
🏥 Kirurgisk post har 8 senger og eit spennande og variert pasientgrunnlag. Hos oss møter du fleire fagfelt, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, behandling av føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske tilstandar. I helger, høgtider og ferieperiodar tek vi også imot gynekologiske pasientar.
🌟 Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider godt og støttar kvarandre. Du får moglegheit til fagleg utvikling, spennande utfordringar og ein kvardag der ingen dagar er heilt like.
Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
I denne stillinga vil du mellom anna:
- Arbeide med stille rapport og delt gruppe, slik at du får ansvar for eigne pasientar.
- Utføre pleie, oppfølging og administrasjon på sengepost.
- Utføre sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrar.
- Samarbeide tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
- Bidra til trygg og heilskapleg pasientbehandling med pasienten i sentrum.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som DIPS og Meona.
- Erfaring med sårstell er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er ryddig, strukturert og arbeider målretta
- trivst i eit aktivt og til tider travelt miljø
- er sjølvstendig og har evne til å prioritere arbeidsoppgåver
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt samarbeid med kollegaene dine
- er open for nye utfordringar og ønskjer fagleg utvikling
Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt.
Kvifor skal du velje oss?
- God opplæring og oppfølging frå erfarne sjukepleiarar.
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver.
- Moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
- Ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Anne Ringe, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5189446571
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026