Sjukepleiar? Sjå her!

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Odda
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
14. okt.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vikariat, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!

Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg!

Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.

Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.

👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar.
  • Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane.
  • Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
  • Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta.
  • Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd
  • har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først
  • er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer
  • trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

Kvifor skal du velje oss?

Jo, fordi vi har:

  • 🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. 
    🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
    🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
    🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
    🔹 Tilrettelagt turnus – vi undersøker muligheten for langvakter, vi har i tillegg ønsketurnus

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no
Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5187713634
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026

Kontaktpersoner
Kristin Espe Jensson
Fagutviklingssykepleier
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter