Sjukepleiar med sans for onkologi

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Odda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Odda sjukehus søkjer ein fagleg dyktig og engasjert sjukepleiar til ei 100 % fast stilling, delt mellom medisinsk og kirurgisk døgnpost og kreftpoliklinikken.
Stillinga gir ein variert arbeidskvardag med pleie, behandling og oppfølging av pasientar på døgnpost og ved kreftpoliklinikken.

Kreftpoliklinikken tilbyr kreftbehandling som cellegift, antistoff og immunterapi, i tillegg til konsultasjonar og anna støttebehandling. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og får høve til å utvikle kompetansen din.

Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg på døgnpost. Kreftpoliklinikken har drift på dagtid, måndag til torsdag.


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie og oppfølging av pasientar ved medisinsk og kirurgisk sengepost.
  • Administrering og oppfølging av kreftbehandling ved kreftpoliklinikken.
  • Observasjon, behandling og dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar.
  • Tverrfagleg samarbeid med legar og andre helseprofesjonar.
  • Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta.
  • Arbeid kvar tredje helg ved medisinsk og kirurgisk sengepost.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg.
  • Erfaring frå overvaking eller tilsvarande klinisk arbeid er ein fordel.
  • Relevant vidareutdanning er positivt, men ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som

  • er fagleg trygg og ansvarsbevisst
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • er løysningsorientert og fleksibel
  • bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • har interesse for fagleg utvikling og pasientbehandling av høg kvalitet

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein spennande stilling med kombinasjon av sengepost og kreftpoliklinikk.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons og forsikringsordningar.

Bu og lev i Hardanger

Odda ligg vakkert til ved Sørfjorden i Hardanger og byr på spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Her finn du aktivitetar året rundt, frå fjellturar og skikøyring til kajakkpadling, klatring og friluftsliv. Trolltunga ligg i nærområdet, og regionen er kjend som ein av Noregs flottaste destinasjonar for natur- og friluftsinteresserte.

 

Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +47 40518183

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5195820160
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2026

Kontaktpersoner
Andreas Jacobsen
Funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter