Helsefagarbeidar – to faste stillingar ved Stord sjukehus

Stilling
Helsefagarbeider
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. nov.
Få påminnelse
8 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

To sengepostar – mange moglegheiter for deg som er helsefagarbeidar!

Vi har to ledige faste stillingar for helsefagarbeidarar ved Stord sjukehus – éi ved Medisin 4 og éi ved kirurgisk sengepost.

Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der helsefagarbeidarar og sjukepleiarar samarbeider tett om å gi pasientane god pleie og behandling. Du får ein variert arbeidskvardag med ulike pasientgrupper, faglege utfordringar og kollegaer som støttar kvarandre.

Dette er dei ledige stillingane:

  • Kirurgisk sengepost: 100 % fast stilling, ledig frå 1. november 2026
  • Medisin 4: 100 % fast stilling, ledig frå 1. januar 2027, med moglegheit for tidlegare oppstart.

Stillingsprosenten kan bli redusert som følgje av fortrinnsrett til utvida stilling.

Begge stillingane har todelt turnus med 16 arbeidshelger i året og moglegheit for langvakter i årsturnus.

Vi legg vekt på god opplæring og ønskjer at du skal kjenne deg trygg og godt teken imot som ny medarbeidar.

👉Høyrest dette interessant ut? Vi håpar du vil søke! Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å arbeide ved Medisin 4, kirurgisk sengepost eller begge.


Kva går jobben ut på?

  • Dagleg pleie og oppfølging av pasientar
  • Bidra i tverrfagleg samarbeid og dokumentasjon i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar
  • Hjelpe til med generelle postoppgåver og praktiske gjeremål
  • Vere ein god rollemodell i oppfølginga av lærlingar

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
    • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
    • Det er ein fordel om du har erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy.

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som:

    • møter pasientar og pårørande med omsorg og respekt
    • samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper
    • tek ansvar og arbeider sjølvstendig innanfor eige kompetanseområde
    • held oversikt og prioriterer oppgåver i ein variert arbeidskvardag
    • ønskjer å utvikle deg fagleg og bidra til eit godt arbeidsmiljø

    Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du:

    • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
    • Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar
    • Regelmessige fagdagar og moglegheit for fagleg utvikling
    • Ein variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar
    • Moglegheit for langvakter i årsturnus

    Vitnemålsportalen 
    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Gloria Hauan, Funksjonsleiar medisinsk sengepost, 91300840, glohan@ihelse.net
    Halvor Jordåen, Funksjonsleiar - kirurgisk sengepost, 97636378, halj@ihelse.net

    Arbeidsstad

    Tysevegen 64
    5416 Stord

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5197155477
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 03.11.2026

    Kontaktpersoner
    Halvor Jordåen
    Funksjonsleiar - kirurgisk sengepost
    Gloria Hauan
    Funksjonsleiar medisinsk sengepost
    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter