Ungdomsarbeidar

Stilling
Ungdomsarbeidar
Lokasjon
Florø
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. des.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du sansen for hormonar, musikk, diskusjonar, god mat og latter?
Er du god på gitar, gaming, trommer, dans, foto, mat?
Er du stabil, spennande, humoristisk, open, lyttande, energisk og litt crazy?
Då har vi kanskje jobben for deg!

Vi søker etter inntil 2 vikarar i 17-20% stilling frå 1.januar 2027, med moglegheit for fast stilling. 

Arbeidstid vil vere ettermiddag/kveld i turnus, 1-3 x/veka.
Ungdomshuset Haffen er ein open møteplass for ungdom frå 13 år og oppover i Florø. Haffen ligg sentralt plassert i Florø, og vi jobbar for å ivareta ungdommanes interesser og å skape eit inkluderande miljø. For tida har vi ca. 80 faste brukarar. I tillegg til Ungdomsleiar, er det 3 ungdomsarbeidarar tilsett på deltid. Vi søker ein kjekk kollega som likar utfordringar i eit fargerikt miljø!


Arbeidsoppgåver

Rettleiing og oppfølging av ungdommar. Ansvar for drift i opningstida og økonomisk oppgjer av kafeen. Er med på planlegging og gjennomføring av aktivitetar saman med kollegaer og ungdommar som bidrar til at Haffen framstår som eit spennande og inkluderande ungdomshus. Vere ein raus, tydeleg og imøtekommande vaksen i relasjon til ungdommane.

Kvalifikasjonar

Kjennskap til og interesse for ungdomskultur, trendar og tendensar i ungdomskultur.
· Det er ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget.
· Det tel positivt med erfaring innan kreative fag, for eksempel foto, film, skriveverkstad, musikk, matlaging m.m.
· Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

Du må trivast saman med ungdom og vere sosial, raus og imøtekommande.
· Du tør å by på deg sjølv i møte med ungdommen, du er fleksibel og evner å ta ting på sparket.
· Kommuniserer og samhandlar godt med ungdom og er ein god rollemodell.
· Du er inkluderande, allsidig og kreativ.

Vi tilbyr

Bli ein del av eit kjekt og inkluderande kollegia med moglegheit for å påverke eigne arbeidsoppgåver.

Lønn etter tariff

Kompetanselønn

Pensjons- og forsikringsavtale 

Kontaktinformasjon

Carina Takle-Hillersoy, Ungdomsleiar, 97617293

Arbeidsstad

Torggata 1
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5204842823
Stillingsprosent: 17%
Vikar
Søknadsfrist: 13.12.2026

Kontaktpersoner
Carina Takle-Hillersoy
Ungdomsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter