Storevatn barnehage søker pedagogisk leiar i 100 % vikariat
Vil du vere med og skape ein trygg, utviklande og inspirerande kvardag for barn?
Storevatn barnehage søkjer pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.02.2027 til 31.07.2027, med moglegheit for forlenging.
Storevatn barnehage ligg sentralt i Florø og er ein femavdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år. Våren 2027 vil barnehagen ha om lag 77 barn og 21 tilsette.
Vi har to-pedagogordning og eit kompetent personale med høg fagleg kvalitet. Barnehagen er teamorganisert, og vi arbeider systematisk i profesjonsfaglege læringsfellesskap gjennom fellestid og planleggingstid. Målet er å skape dei beste vilkåra for barn si utvikling, leik og læring.
I Storevatn barnehage er vi opptekne av tryggleik, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Gjennom verktøya Start Smart og teamkontrakt arbeider vi aktivt for å byggje sterke team, gode relasjonar og ein arbeidskvardag prega av tillit, medverknad og fagleg utvikling.
Barnehagen sin visjon er tryggheit, trivsel og tillit. Dette ligg til grunn for alt arbeidet vårt og skal bidra til at barn, føresette og tilsette opplever eit inkluderande fellesskap der alle får høve til å utvikle seg og meistre.
Kinn kommune si satsing i 2027 er leselyst. I Storevatn barnehage ønskjer vi å knyte dette tett saman med inkluderande leik, språkstimulering og leseglede, slik at alle barn får oppleve glede, tilhøyrsle og utvikling gjennom litteratur og samspel.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagelova, rammeplanen og lokale satsingar
- Medverke til eit trygt, inkluderande og utviklande lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Byggje og vidareutvikle eit godt samarbeid med føresette
- Vere ein aktiv medspelar i barnehagen sitt profesjonsfaglege læringsfellesskap
- Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet
- Delta i planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av det pedagogiske tilbodet
- Medverke til å gjennomføre nasjonale og lokale satsingar innan oppvekstfeltet
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Studentar i barnehagelærarutdanning er og velkomne til å søkje
- Andre med relevant høgskuleutdanning kan bli vurderte
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande digitale ferdigheiter
- Gyldig politiattest må leggast fram før tiltredning jf. barnehagelova §30
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er ein trygg og tydeleg vaksen med barnet sitt beste i fokus
Er raus, positiv og løysingsorientert
Har evne til å skape gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
Er engasjert i leik, læring og utvikling
Bidreg aktivt i fagleg refleksjon og samarbeid
Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
Er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- To-pedagogordning og tett samarbeid i team
- Høve til fagleg utvikling gjennom profesjonsfaglege læringsfellesskap og kompetanseheving
- Eigne kontorplassar, arbeidsklede og PC med løysing for gjennomføring av lovpålagd plantid
- Stor grad av medverknad og påverknad i eigen arbeidskvardag
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Kompetanseløn i tråd med kommunen sine ordningar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Nina Anette Steindal, Tenesteleiar Storevatnet Barnehage, +47 99635363, nina.steindal@kinn.kommune.noArbeidsstad
Markegata 596900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5209638824
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 27.11.2026