Miljøterapeut, Kinn psykisk helse og rus avdeling Måløy

Stilling
Miljøterapeut, Kinn psykisk helse og rus
Lokasjon
Måløy
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
16. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Kinn Psykisk helse og rus har avdeling i Måløy og Florø. Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle delar av befolkninga. Kinn psykisk helse og rus tilbyr helsehjelp til unge, vaksne og pårørande. Vi bistår blant anna med samtaleoppfølging og miljøterapeutisk oppfølging til personar heimehøyrande i kommunen. Vi arbeidar brukarnært og mange av dei personane vi føl opp treng tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. 

Dei tilsette i avdelinga har stor grad av fagleg kompetanse og er opptekne av å yte gode tenester. Vi arbeidar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler.

Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt til avdelinga vår. Stillinga er ei turnusstilling med arbeid på dag, kveld, i langvakter og på helg.

 

Snarlig tiltreding til 05.12.27 med mulighet for forlengelse.


Arbeidsoppgåver

Ambulant oppfølging i tenestemottakarane sine heimar og nærmiljø.

Miljøterapeutisk arbeid med fokus på meistring og recovery.

Relasjonsbygging og motiverande arbeid.

Kartlegging, oppfølging og evaluering av tiltak.

Individuell oppfølging og koordinering av tenester.

Samarbeid med aktuelle samarbeidspartar og pårørande der det er aktuelt.

Dokumentere og arbeide i relevante fagsystem.

Arbeide både sjølstendig og i team. Bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen.

Kvalifikasjonar

3-årig relevant høgskuleutdanning.

Gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus.

Førarkort klasse B.

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er målretta, strukturert, tek ansvar og er fleksibel.

Du må trivast med ambulant arbeid, relasjonsbygging, ha tru på recovery og ressursane hjå den einskilde.

Du må bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø.

Du må trivast med varierande arbeidsdagar og kunne stå i utfordrende situasjonar, samt ynskje nytenking og endring. 

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Du har gode samarbeidsevner og du klarar å jobbe godt sjølvstendig.

Vi tilbyr

Turnusstilling i årsturnus

God pensjonsordning

Kompetanse lønnsstige

Engasjerte kollegaer, eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø

Intern opplæring og rettleiing 

Kontaktinformasjon

Stine Aase Myhre, Avdelingsleder Måløy, 97180923, stine.aase.myhre@kinn.kommune.no
Erik Onstad, Tenesteleiar Kinn psykisk helse og rus , 41534967, erik.onstad@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Gate 1 64
6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5177132435
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 05.12.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026

Kontaktpersoner
Erik Onstad
Tenesteleiar Kinn psykisk helse og rus
Stine Aase Myhre
Avdelingsleder Måløy
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter