Brannsjef (Leiar for brann- og redningsvesenet)

Stilling
Brannsjef (Leiar for brann- og redningsvesenet)
Lokasjon
Florø
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du leie brann- og redningstenesta i Kinn og Bremanger?

Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Godt førebyggande og beredskapsarbeid er avgjerande for å sikre tryggleik og tillit i omstillinga samfunnet står i. 

Vi søkjer ein brannsjef som kan leie ei viktig teneste, skape eit godt arbeidsmiljø og utvikle brann- og redningsarbeidet i samarbeid med medarbeidarar og andre aktørar.

Brann- og redningstenesta har om lag 13 heiltidstilsette og 110 deltidstilsette, inkludert mannskap i Bremanger. Kinn kommune har avtale med Bremanger kommune om brann- og redningstenester.

Som brannsjef har du ansvar for den daglege leiinga, økonomien, medarbeidarane og den faglege utviklinga av tenesta. Du er tenesteleiar og rapporterer til kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.

Vi ønskjer ein leiar som er tydeleg, lyttar til medarbeidarane og tek ansvar for eit godt samarbeid. Du må kunne ta avgjerder, handtere krevjande situasjonar og få folk til å arbeide mot felles mål.

Kinn kommune vurderer eit tettare samarbeid med andre kommunar om brann- og redningstenester. Eit interkommunalt selskap (IKS) er eitt av alternativa. Den nye brannsjefen vil få ei viktig rolle i dette arbeidet.

Tenesta kan få ei anna organisering i framtida. Eventuelle endringar i ansvar og oppgåver vil bli handterte etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Du får kontorstad i Florø, men må rekne med å reise mellom ulike arbeidsstader i Kinn og Bremanger


Arbeidsoppgåver

Som brannsjef skal du:

  • Leie og utvikle brann- og redningstenesta i Kinn og Bremanger.
  • Sørgje for god beredskap og førebyggjande brannvern.
  • Ha ansvar for medarbeidarar, arbeidsmiljø og HMS.
  • Følgje opp budsjettet, innanfor ein stram komuneøkonomi, og sørgje for god bruk av ressursane.
  • Sikre at tenesta oppfyller krava i lover og forskrifter.
  • Skape godt samarbeid mellom heiltidstilsette, deltidsmannskap og leiarar.
  • Samarbeide med tillitsvalde og vernetenesta.
  • Leie endringsarbeid og bidra til framtidig samarbeid med andre kommunar.
  • Samarbeide med nødetatar, næringsliv og andre offentlege aktørar.
  • Delta i kommunen sitt leiarnettverk og relevante fagnettverk.

Kvalifikasjonar

    Du må oppfylle kvalifikasjonskrava til brannsjef for eit område med 20 000–50 000 innbyggjarar, jf. brann- og redningsvesenforskrifta § 45.

    • Forskrifta opnar for to alternative kvalifikasjonsgrunnlag:
    • Universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå.

    Minst to års erfaring som leiar av eit brann- og redningsvesen med ansvar for inntil 20 000 innbyggjarar.
    I tillegg gjeld krav om utdanning i førebyggjande brannvern og kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing. Desse kan etter forskrifta gjennomførast seinast to år etter tilsetjing.

    • Vi ønskjer også at du har:
    • Leiarerfaring, med personal- og økonomiansvar.
    • Erfaring frå brann- og redningsteneste eller anna relevant arbeid.
    • Erfaring med utvikling og endring i ein organisasjon.
    • Kjennskap til offentleg forvaltning.
    • God evne til å uttrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk.
    • Erfaring frå interkommunalt samarbeid er ein fordel.

    Personlege eigenskapar

    Vi legg stor vekt på korleis du fungerer som leiar.
    Vi ser etter deg som:

    • Er tydeleg og trygg, og skaper tillit.
    • Lyttar til medarbeidarane og tek dei med i utviklinga av tenesta.
    • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og handterer konfliktar på ein konstruktiv måte.
    • Samarbeider godt med medarbeidarar, tillitsvalde, vernetenesta og andre samarbeidspartnarar.
    • Tek ansvar, gjer gode vurderingar og følgjer opp avgjerder.
    • Kan prioritere og ta avgjerder i krevjande situasjonar.
    • Ser moglegheiter for å utvikle og forbetre tenesta.
    • Er genuint opptatt av samfunnsutvikling

    Vi tilbyr

    • Ei viktig leiarstilling med ansvar for tryggleiken til innbyggjarane.
    • Moglegheit til å påverke utviklinga av brann- og redningstenesta i Kinn og regionen.
    • Dyktige medarbeidarar med brei erfaring og kompetanse.
    • Eit godt leiarnettverk og samarbeid med andre tenester i kommunen.
    • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
    • Løn etter avtale.
    • Kommunale tilsetjingsvilkår og offentleg tenestepensjon i KLP.

    Kontaktinformasjon

    Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, +47 91710500

    Arbeidsstad

    Markegata 51
    6905 Florø

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Kinn kommune

    Referansenr.: 5206616043
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 25.11.2026

    Kontaktpersoner
    Rolf Bjarne Sund
    Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø
    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter