Industrimekanikar støyperi

Stilling
Industrimekanikar støyperi
Lokasjon
Øvre Årdal
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. okt.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressboltar, valseblokker, støypelegeringar, tråd og aluminium med høg reinleik, med eit globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 tilsette. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.

Hydro Årdal søkjer etter ein erfaren industrimekanikar til vedlikehald i støyperi.

Kva tilbyr me?
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Ein arbeidskvardag kor din tryggleik er høgste prioritet
Kva skal du gjere?

I stillingen vil du ha teknisk ansvar for mekanisk utstyr, og støtte eininga innan fagområdet.
Dette inneber blant anna:

  • Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeid
  • Initiere modifikasjonar og forbetringar
  • Planlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonar
  • Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr
  • Halde deg faglig oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
  • Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljøet med fagkompetanse, samt delta i forbetringsarbeid
Kva vil bidra til mestring i stillinga?
  • Fagbrev innan industrimekanikarfaget
  • Erfaring som industrimekaniker frå prosess- eller industrianlegg
  • Erfaring innan plate- og sveisearbeid er ein fordel
  • Forståing for teknisk dokumentasjon
  • Trivast med å arbeide med digitale verktøy
  • Bilsertifikat klasse B
  • Beherske norsk; både munnleg og skriftleg

 
Me ser etter deg som er initiativrik og gjerne kreativ, og som likar ei fagleg utfordring. Du er grundig og systematisk i arbeidet ditt, og jobbar like godt saman med andre som åleine, for å finne gode løysingar. Du er oppteken av tryggleik, både for deg sjølv og andre.  
 

Stillinga er på dagtid og rapporterer til områdeleiar vedlikehald støyperi. Stillinga inngår i vaktordning.

Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.  

Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadar vert ikkje tekne imot på e-post.

Like mogelegheiter

I vårt selskap meiner vi at mangfald gjer oss sterkare. Vi ønskjer ulike erfaringar og perspektiv velkomne, og inviterer alle kvalifiserte til å søkje. Vi vurderer kvar søknad rettferdig, og strekker oss etter å gje like mogelegheiter for alle til å vakse og lykkast i Hydro.

Søknadsfrist: 22.10.2026

Viss du har spørsmål kan du kontakte:

Leiar
Ole Kristian Øren
Ole.Kristian.Oren@hydro.com
(Norway +47) 41750685

Rekrutterer
Berit Åkre
Berit.Akre@hydro.com
(Norway +47) 92227339

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter