Du veit kor viktig reinhald er – det gjer vi òg

Stilling
Reinhaldar
Lokasjon
Odda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du vår nye reinhaldar?

For oss betyr reinhald meir enn blanke golv – det handlar om tryggleik, trivsel og eit godt miljø for pasientar, tilsette og besøkande. Det vi gjer, har stor verdi.

Du får opplæring i smittevern, ergonomi og arbeidsmetodar, og du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land.
Vi jobbar tett saman, hjelper kvarandre og sørgjer for at sjukehuset er trygt og reint kvar dag. 
Likar du fysisk arbeid og å gjere ein viktig jobb som betyr noko for mange? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Helse Fonna HF er i ei spennande teknologisk utvikling, og har i første omgang innført digital reinhaldsplan med nettbrett som verktøy for den einskilde reinhaldar. Stillinga er fast 40%, men det kan i periodar bli behov for meirarbeid. 

👉 Klikk på søkeknappen – vi ser fram til å få deg med på laget!


Kva går jobben ut på?

  • Dagleg og periodisk reinhald på ulike rom og område på sjukehuset.
  • Reinhald ved smitte og akutte behov.
  • Du må kunne bruke kroppen aktivt i arbeidet – det er viktig at du trivst med fysisk arbeid.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Erfaring frå reinhald og kjennskap til sjukehushygiene er ein fordel.
  • Kjennskap til INSTA 800 eller tilsvarande er og ein fordel, men du vil få opplæring.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne bruke enkle dataverktøy, for eksempel til å registrere oppgåver.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Vi ser etter deg som:

  • gjer deg ferdig med oppgåvene og passar på at det er reint etterpå.
  • likar å jobbe saman med andre, men klarer òg å jobbe aleine.
  • viser respekt for pasientar og kollegaer, og bryr deg om at dei har det trygt og reint.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land og kulturar – vi hjelper kvarandre og jobbar som eit lag.
  • Opplæring i korleis vi vaskar på sjukehuset, og i smittevern, ergonomi og HMS.

Kontaktinformasjon

Bente Furrebøe, Avdelingsleiar, +47 53651097

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 Odda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5199603089
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026

Kontaktpersoner
Bente Furrebøe
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter