Vil du være med og halde Høyanger kommune sine bygg og anlegg i orden?

Stilling
Fagarbeidar bygg og eigedom
Lokasjon
Høyanger
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Likar du praktisk arbeid, tekniske utfordringar og varierte arbeidsdagar?

No har du moglegheita til å bli ein del av laget som sørgjer for at kommunale bygg og anlegg fungerer godt – kvar dag, heile året!

Vi har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar bygg og eigedom.

Høyanger kommune har ein variert bygningsmasse og mange spennande tekniske anlegg som krev godt vedlikehald og fagleg oppfølging. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du samarbeider med fleire faggrupper i eit tverrfagleg team innan drift og vedlikehald.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre løypande drift- og vedlikehaldsoppgåver knytt til Høyanger kommune sine bygg og tekniske anlegg.
  • Tilsyn, tilstandsvurdering og undersøking for å sikre optimal drift.
  • Delta i ulike vedlikehaldsprosjekt, i samspel med både interne og eksterne aktørar
  •  

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev innan VVS, elektro eller anna relevant teknisk fagområde/fagbrev.
  • God teknisk forståing og evne til å feilsøke, reparere, utføre service og vedlikehald på tekniske installasjonar.
  • Ynskjeleg med erfaring innan styrings- og reguleringssystem.
  • Kjennskap til gjeldande forskrifter og tekniske standardar innan fagområdet.
  • Evne til å lese og forstå tekniske teikningar, koplingsskjema og dokumentasjon.
  • Gode digitale ferdigheiter og interesse for bruk av digitale verktøy og system for service og dokumentasjon.
  • Førarkort klasse B.

Då stillinga kan inneber arbeid ved skule/barnehage må den som vert tilsett legge fram politiattest.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er praktisk, løysingsorientert og ansvarsbevisst, med god serviceinnstilling og evne til å prioritere. Du er fleksibel, samarbeidsvillig og trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid. Du har interesse for teknologi og fagleg utvikling, og kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper.

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Godt fagleg samarbeid
  • Lønn etter tariff

 

Vil du bruke fagkunnskapen din til noko som betyr noko for lokalsamfunnet?

Da vil vi gjerne ha deg med på laget i Høyanger kommune!

 

Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?

  • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
  • Eit rikt lag- og organisasjonsliv
  • Fokus på samskaping og samarbeid
  • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter