Vil du utvikle deg vidare innan rekneskap og rådgjeving?
Econ Sunnfjord, tidlegare Hope Rekneskapskontor, er eit lokalt rekneskapskontor med kontor i Dale, Leirvik og Førde og over 40 års erfaring i ryggen. Vi kjenner næringslivet i regionen, vi byggjer ekte relasjonar, og vi tek ansvar for kundane våre. Det er nettopp difor både kundane og folka våre blir hos oss år etter år, og det er sjølve grunnen til at vi veks.
No har vi teke eit nytt steg og blitt ein del av Econ Alliansen, ei av dei mest framtidsretta kjedene i rekneskapsbransjen. Det gir oss tilgang til moderne teknologi, sterke fagsystem og eit nasjonalt nettverk av fagfolk, samtidig som vi held på det lokale eigarskapet og den nære kontakten med kundane. For deg betyr det at du får jobbe lokalt, men med verktøya og fagmiljøet som skal til for å levere rådgiving i toppklasse.
Vi er i vekst, vi er ambisiøse, og vi ser etter deg som vil vere med på reisa.
Kven ser vi etter?
Vi ser først og fremst etter deg som ønskjer å jobbe med rekneskap i eit framoverretta selskap med høge ambisjonar. Er du statsautorisert rekneskapsførar, er det eit pluss, men ikkje eit krav.
Vi treng nokon som kan gå rett inn i produksjon, og ser difor etter deg som allereie har nokre år med relevant erfaring.
Utover dette trur vi at du:
- Har relevant utdanning og arbeidserfaring
- Har erfaring med økonomisk rådgiving
- Har god IT-forståing og interesse for digitale verktøy
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er omgjengeleg og trivst med kundekontakt
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og nøyaktig
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du jobbe tett med eigne kundar og følgje dei opp gjennom ulike delar av rekneskapsarbeidet.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Ansvar for eigen kundeportefølje, inkludert årsoppgjersarbeid
- Rådgiving og konsulentarbeid innan økonomi og rekneskap
- Avstemming og rapportering
- Løpande rekneskapsføring, lønn og fakturering
- Oppfølging og rettleiing av kundar
Kva kan vi tilby?
Du blir ein del av eit sterkt og samansveisa miljø med både humor, fagleg tyngd og ei ekte interesse for rekneskap og kundane våre. Hos oss får du fridom i kvardagen, innverknad i arbeidet og ein arbeidsplass som satsar på deg. Her får du både støtte og rom til å utvikle deg vidare.
I tillegg får du:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap i vekst
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer og eit spennande kompetansemiljø
- Moderne teknologi og fagsystem
- Kursing, opplæring og gode moglegheiter for fagleg utvikling
Høyrest dette ut som deg? Då håpar vi å høyre frå deg. Då håpar vi du søkjer. Vi vurderer søknader fortløpande.
Vi ønskjer snarleg tiltreding, men har høve til å tilpasse oppstart for den rette kandidaten. Vi gler oss til å bli betre kjende med deg!